Östergötland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Östergötland
landskap
Symbol
Land  Sverige
Län Östergötland
Del av Sverige
Areal 9 987 km²
Folketal 465 204 (31. desember 2020)[1]
Kart
Östergötland
58°24′57″N 15°37′31″E / 58.415833333333°N 15.625277777778°E / 58.415833333333; 15.625277777778
Wikimedia Commons: Östergötland

Östergötland er eit landskap i Götaland i austre Sverige. Östergötland grensar til Småland i sør, Västergötland i vest gjennom Vättern, Närke og Södermanland i nord, og mot Austersjøen i aust. Det tradisjonelle landskapet motsvarar til største del Östergötlands län. I landskapet finst 50 000 kjende fornfunn. Gjennom Östergötland renn både Motala ström og Göta Kanal.

Totalt bur 465 204 menneske i Östergötland, noko som gjer landskapet til Sveriges sjette folkerikaste. Folketettleiken er 46,6 inb/km². Flatevidda til landskapet er 9 987 km², Sveriges fjortande største.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Östergötland var i mellomalderen ei av Sveriges tre sentralbygder, og eit sentrum for to kongeætter, den sverkerske ætta og folkungaætta, som kjempa om makta.

Östergötland var også plassen for slaget ved Stångebro, og det etterfølgjande Linköpings blodbad.

Større byar[endre | endre wikiteksten]

Herad[endre | endre wikiteksten]

Dei siste restane av herada vart avskaffa i 1971.

  • Aska härad
  • Bankekinds härad
  • Björkekind härad
  • Bobergs härad
  • Bråbo härad
  • Dals härad
  • Finspångalän härad
  • Gullbergs härad
  • Göstringe härad
  • Hammarkind härad
  • Hanekind härad
  • Kinda härad
  • Lysings härad
  • Lösings härad
  • Memmings härad
  • Valkebo härad
  • Vifolka härad
  • Skärkinds härad
  • Ydre härad
  • Åkerbo härad

Kjende östgötar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Folkmängd i landskapen den 31 december 2020». Statistiska centralbyrån. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Östergötland
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.