Hopp til innhald

Cardiff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cardiff
Caerdydd
by
Motto: Y ddraig goch ddyry cychwyn
«Den raude draken vil syne vegen»
Kallenamn: City of Arcades[1]
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Wales
Areal 140,3 km²
Folketal 361 469 (2016)[2]
Postnummer CF
Retningsnummer 029
Kart
Cardiff
51°28′54″N 3°10′45″W / 51.481666666667°N 3.1791666666667°W / 51.481666666667; -3.1791666666667
Wikimedia Commons: Cardiff

Cardiff (walisisk Caerdydd, frå caer, «fort» og dytt, «Antonius Didius») er hovudstaden i Wales. Cardiff har vore den største byen i Wales sidan midten av 1800-talet, då koleksporten eksploderte og gjorde Cardiff til den viktigaste hamnebyen i Wales.[3] Cardiff vart hovudstad i 1955,[4] og den walisiske nasjonalforsamlinga, skipa i 1999,[5] ligg i byen .Han ligg i det verna grevskapet Glamorgan i det sørlege Wales, og har sidan 1996 vore eit sjølvstyrt hovudområde.

Ved folketeljinga i 2001 fann ein at han hadde 305 353 innbyggjarar, noko som gjorde han til den 16. største byen i Storbritannia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein var lenge i tvil om tydinga av det walisiske namnet på byen, Caerdydd. Caer, «fort», var uproblematisk, men dytt tyder «dag» på moderne walisisk, og dette gav inga skikkeleg meining. Ein trudde lenge at det kunne vere ei forvansking av namnet på elva Taff, som byen ligg ved, altså «forta ved Taff». Nyare forsking har avvist dette, og ein har funne ut av romaren Antonius Didius bygde eit fort der byen ligg, og at Dydd er ein forvansking av Didius. Det finst ingen kjende restar etter det romerske fortet, men eit normannisk slott, Cardiff slott, på same stad er bevart. Det vart utvida og ombygd i viktoriansk tid av John Patrick Chrichton-Stuart, 3. marki av Bute og arkitekten William Burges.

Nok eit slott, Castell Coch («det raude slottet») ligg nordvest for sentrum. Dette er ein viktoriansk folly teikna av Burges for markien, og bygd i 1870-åra. Eksteriøret har vorte brukt under innspeling av fleire fjernsynsserier, som ITV-serien «The Worst Witch».

Kultur, medium, sport og turisme[endre | endre wikiteksten]

Cardiffs fotballag, Cardiff City, spelar i det engelske Football League Championship og vann FA-cupen i 1927. Cardiff husar òg Millennium Stadium, som er landslagsstadion for fotball og rugby i Wales. Andre idrettslag i byen er Glamorgans grevskapslag i cricket, Blues i rugby union og ishockeylaget Devils.

I 1958 vart Samveldeleikane arrangert i Cardiff.

I tillegg til Cardiff slott, Castell Coch og bygget til nasjonalforsamlinga finn ein Det nasjonale museet og galleriet og Cathays Park. I sistnemnde ligg bygningane til lokaladministrasjonen, som er reist etter modell av tilsvarande bygningar i New Delhi. Den walisiske operaen flytta inn i Wales Millennium Centre i november 2004.

Byen har eit eige universitet, Cardiff University, og i tillegg til to høgskular og eit institutt tilhøyrande University of Wales og Royal Welsh College of Music and Drama.

Cardiff var vertskap for den nasjonale kulturtevlinga Eisteddfod i 1883, 1899, 1938, 1960 og 1978.

Det har òg vore ei norsk kyrkje i byen. Kyrkja blir no brukt som kunstsenter.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Cardiff