Diskusjon:Albedo
Eg vil berre peike på ein liten feil i artikkelen om albedo. Eg siterer:
"Viss eit snødekt område vert oppvarma og snøen smeltar, så aukar albedoen og meir sollys vert absorbert."
Eg kan ikkje skjøne anna enn at albedoen minkar når snøen smeltar, og det skriv også forfattaren indirekte når han/ho peikar på at "meir sollys vert absorbert".
Med vennleg helsing
Erik Torp Nilssen, Karstad, 6815 Førde.