Giovanni Legrenzi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Giovanni Legrenzi

Fødd12. august 1626
FødestadClusone
Død27. mai 1690 (63 år)
DødsstadVenezia
OpphavRepublikken Venezia
Sjangeropera, klassisk musikk
Instrumentorgel, pipeorgel
Verka somkomponist, organist

Giovanni Legrenzi (12. august 162627. mai 1690) var ein italiensk komponist under barokken.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Legrenzi fekk den fyrste musikkutdanninga si av faren, som var fiolinist og komponist. I 1645 blei den 19 år gamle Giovanni tilsett som organist ved kyrkja San Maria Maggiore i Bergamo. Etter at han var blitt prestevigd i 1651, blei han også sett inn som sjelesørgjar. Han samarbeidde tett med kapellmeisteren Maurizio Cazzati, og triosonatane deira i kyrkjesonatestil blei oppførte under messene.

Det fyrste instrumentalverket til Legrenzi stammar frå denne tida, og viser at han kan reknast som ein forgjengar for Arcangelo Corelli. Frå 1656 til 1665 var han kapellmeister ved Accademia dello Spirito Sancto i Ferrara, og her byrja han å komponera operaer under innverknad frå librettisten Hippolito Bentivoglio.

I 1671 slo Legrenzi seg ned i Venezia att. Der blei han visekapellmeister i Markuskyrkja i 1681. Fire år seinare avanserte han til maestro di cappella. Blant elevane hans var Antonio Lotti, Domenico Gabrielli, Antonio Caldara og kanskje den unge Antonio Vivaldi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]