Hopp til innhald

Kent

Koordinatar: 51°11′N 0°44′E / 51.19°N 0.73°E / 51.19; 0.73
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kent
grevskap
Flagg
Motto: Invicta
Land  England
Region Søraust-England
Areal 3 736 km²
Folketal 1 660 100  (2008)
Grunnlagd Historisk
Status Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap
Kart
Kent
51°11′N 0°44′E / 51.19°N 0.73°E / 51.19; 0.73
Wikimedia Commons: Kent

Kent (opphavleg Cantia) er eit grevskap søraust i England og eit av dei såkalla home counties. Det grensar til East Sussex, Surrey og Stor-London, og har ei grense mot Essex som går langs midten av Themsen-estuaret. Det seremonielle grevskapet Kent omfattar bykommunen Kent og den sameinte styresmakta Medway. Kent har ei nominell grense med Frankrike halvvegs gjennom Kanaltunnelen. Maidstone er hovudbyen. Andre byar er Rochester og Canterbury.

Kent ligg nær London og blir rekna som eitt av Home counties. Det har kyst mot Nordsjøen og Den engelske kanalen, mellom anna det smale Doverstredet. Plasseringa til Kent mellom London og det europeiske kontinentet har ført til at området stadig har vorte råka av konfliktar, som Battle of Britain under den andre verdskrigen. East Kent vart kalla Hell Fire Corner under krigen. England har vore avhengig av krigsskip frå skipsverfta i grevskapet dei siste 800 åra, som Cinque Ports på 1100- til 1300-talet og Chatham Dockyard frå 1500- til 1900-talet. Ein kan sjå Frankrike i klårvêr frå Folkestone og dei kjende kvite klippene ved Dover.

På grunn av dei mange frukthagane og humlehagane vert Kent ofte kalla «England sin hage», eit omgrep som ofte vert nytta i marknadsføringa av grevskapet, sjølv om andre òg har prøvd å ta dette namnet.[1][2] Av storindustri nordvest i Kent finn ein sement-, papir- og flyproduksjon, men desse er no i tilbakegang. Store delar av Kent ligg innanfor pendlarområdet rundt London. Dei sørlege og austlege delane av Kent har turisme og jordbruk som hovudnæring. Kolindustri var tidlegare ein viktig del av industrien i Kent.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

51°11′N 0°44′E / 51.19°N 0.73°E / 51.19; 0.73