Kvote

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvote (frå latin quota pars, 'kor stor del') er ein viss mengd eller part av eit heile.[1] Kvotar kan ha øvre eller nedre avgrensingar. Ressursar, produksjon og sal kan styrast av kvotar. Ofte er det styresmaktene som tildeler kvotar.

Mjølkekvote[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Mjølkekvote.

Føremålet med mjølkekvotar er å tilpass produksjonen av ku- og geitemjølk til marknaden.[2]

Fellingskvote[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Fellingskvote.

For å hindra større uttak enn tilveksten av vilt avgrensar myndigheitene for mykje som kan skytast i kvar jaktsesong. I Noreg vert det tildelt fellingskvotar på hjort, elg, rådyr, dådyr, villrein og bever[3]. Det er fylkesmannen i kvart einskild fylke som, etter tilråding frå dei kommunale viltnemnene, fastsett fellingskvotane.

Fiskekvote[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Fiskekvote.

For å hindra overfiske får fiskarane tildelt, eller lyt kjøpa, kvotar for ei viss mengd av kvart fiskeslag dei har lov å henta frå havet. Tidlegare var det fritt fiske, men den tekniske utviklinga har ført til at fiske har vorte så effektivt at det er naudsynt å setta grenser for kor mykje som kan fiskast av dei ulike fiskeslaga[4]. I tillegg til nasjonale fiskekvotar forhandlar naboland seg fram til internasjonale fiskekvotar[5]. For Noreg er EU og Russland viktige avtalepartnarar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «kvote» i Nynorskordboka.
  2. Mjølkekvotar Arkivert 2016-04-21 ved Wayback Machine.. Landbruksdirektoratet, 27/5-2016.
  3. Lov om jakt og fangst av vilt (viltloven), Lovdata, 1/10-1915.
  4. Aslaksen, E., Fiskekvoter, nrk.no, 6/6-2011.
  5. Fiskekvoter - fastsetting og fordeling, Fiskeri- og kystdepartementet, 2002.
Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.