Länsväg 293

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
293
Länsväg 293 ved Ingarvet.

Länsväg 293 er ein länsväg i Dalarna. Han knyter Falun til riksväg 70 ved Amsberg 8 km nord for Borlänge. Vegen er smal og på mange stader ganske svingete. Lengda er 22 km.

Tilknytingar[endre | endre wikiteksten]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Länsväg 293 startar ved riksväg 50 på Hanröleden i Falun. Vegen passerer utanfor eit stort industriområde i Falun, Ingarvet, før han startar ei lang stiging forbi Gamla Berget og Korsgården. Her forlet ein Falun og kjem inn på eit stykke der vegen er litt svingete og går gjennom skogen. Vegen passerer fleire mindre stadar.

9 kilometer vest for Falun er det ei avkøyring til Aspeboda. Länsväg 293 held fram vidare vestover mot Stråtenbo og Smedsbo. Ved Smedsbo kan ein svinge av både mot Aspeboda og Rexbo. 15 kilometer vest for Falun går vegen inn i Borlänge kommun og nesten med det same, ved Ängesgårdarna, er det ei avkøyring mot Borlänge. Etter Ängesgårdarna er det ikkje så mykje skog, og vegen følgjer Dalälven nokre kilometer for ein kjem fram til Norr Amsberg, som passerast før vegen kjem ut på Riksväg 70/Riksväg 71.

Vegen mellom Noreg og Gävle bytta i 2011 nummer til E16. Han går via Vansbro og gjennom Borlänge (tidlegare riksväg 71 og riksväg 50), sjølv om direktevegen länsväg 293 hadde vore mogleg. Førarar med lokalkunnskap nyttar ofte likevel 293, så ei utbetring Falun-Ängesgårdarna inklusive sykkelbane vart bygd i 2008.

Kryss[endre | endre wikiteksten]

Veg Stad
E16/Riksväg 70 Norr Amsberg
E16/Riksväg 50 Falun

Kjelder[endre | endre wikiteksten]