Manbij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Manbij
منبج
by
Land  Syria
Guvernement Aleppo guvernement
Distrikt Manbij-distriktet
Høgd 460 moh.
Koordinatar 36°32′N 37°57′E / 36.533°N 37.950°E / 36.533; 37.950
Folketal 99 497  (2004)[1]
Kart
Manbij
36°32′00″N 37°57′00″E / 36.533333333333°N 37.95°E / 36.533333333333; 37.95
Wikimedia Commons: Manbij

Manbij (arabisk منبج, Manbij; gammalsyrisk ܡܒܘܓ, Mabbug) er ein by in Aleppo guvernement i Syria, 30 kilometer vest for Eufrat. I følgje Statistisk sentralbyrå i Syria hadde Manbij eit folketal på nesten 100 000.[1]

Ruinane av den antikke byen «Hierapolis Bambyke», òg kalla «Hierapolis Eufratensis» eller «Hierapolis in Eufratia», ligg 20 km mot nord, med restane av akveduktar og dei bysantinske murane til Justinianus I av Austromarriket.[2]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Staden vart først omtalt på gresk som Bambyke, men Plinius (v. 23) skriv at det syriske namnet var Mabog (òg Mabbog, Mabbogh). Som eit senter for tilbeding av den syrisk gudinna Atargatis, vart han for grekarane kjend som Ἱερόπολις (Hieropolis) 'den heilage byen'.

Atargatis-kulten[endre | endre wikiteksten]

Tilbedinga av Atargatis av udøydeleggjort i De Dea Syria som tradisjonelt har blitt tilskriven Lucian av Samosata, som kom frå Kommagene, og som skildra den religiøse kulten kring Atargatis. I følgje De Dea Syria var tilbeding av ein fallisk karakter og tilhengjarane ofra små mannlege figurar av tre og bronse. Det stod òg ein stor fallos, sett opp som ein obelisk før tempelet, som vart seremonielt klatra ein gong i året og dekorert.

Tempelet inneheldt eit heilag kammer der berre prestar hadde løyve til å gå inn. Eit stort altar av bronse stod i front, med statuar kring, og i forgarden mange heilage dyr og fuglar (men ikkje svin) nytta til ofring.

Kring tre hundre prestar tente heilagdomen og det var mange underordna tenarar. Innsjøen var sentrum for høgtider og det var vanleg for tilhengjarane å symje ut og dekorere eit altar som stod midt i vatnet. Sjølvlemlesting og andre orgiar gjekk føre seg på tempelområdet og det var eit omfattande ritual før ein gjekk inn i byen og første gong vitja heilagdomen. Shawaya dominerer området i dag.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mabog var ein gammal heilag stad i Kommagene, men vart først skildra i tekstar under selevkidane, som gjorde det til hovudstasjonen på vegen mellom Antiokia og Selevkia ved Tigris.

Tempelet vart plyndra av Crassus då han var på veg for å møte parthianarane (53 fvt.).

På 200-talet evt. vart byen hovudstad i provinsen Euphratensis og var ein av dei store byane i Syria. Procopius kalla han den største i denne delen av verda. Han låg derimot i ruinar då Julian samla soldatane sine der før han marsjerte til nederlaget og dødsfallet sitt i Mesopotamia, og Khosrau I heldt byen som gissel etter at den bysantinske keisaren Justinianus I av Austromarriket ikkje hadde klart å sette opp forsvar her. Harun bygde byen opp att mot slutten av 700-talet og han vart eit viktig knutepunkt mellom bysantinarar, arabarar og tyrkarar. Krossfararane erobra han frå seldsjukkane på 1100-talet, men Saladin tok han attende (1175), og seinare vart han hovudkvarteret til Hulagu og mongolane, som totalt ruinerte byen.

Det finst mange restar av byen i dag, men nesten alt er av seinare dato. Murane er arabiske og ingen av ruinane av det store tempelet har overlevd. Den mest nemneverdige lekamen frå antikken er den heilage innsjøen, og på to sider kan ein framleis sjå eit kaianllegg og trapper som går ut i vatnet. Den første moderne vestlege skildringa av byen vart gjort av Henry Maundrell i hans Journey from Aleppo to Jerusalem, 1699.

Byen byrja å slå sine eigne myntar på 300-talet fvt. med ein arameisk serie, som syner idolet, anten som ei byste med murkrone eller ridande på ei løve.

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Under Det osmanske riket var Manbij ein kaza i sanjaken og vilajeten Aleppo.

I 1879, etter den russisk-tyrkiske krigen, vart ein koloni av tjerkessarar frå Vidin flytta til ruinane, og dei gravde fram mange antikvitetar som vart selde på basarar i Aleppo og Aintab.[3] I 1911 var alle dei 1500 innbyggjarane tjerkessarar.[2]

Kyrkjehistorie[endre | endre wikiteksten]

Lequien omtalte ti biskopar frå Hierapolis.[4] Av dei mest kjende er Aleksander av Hierapolis, ein lidenskapleg tilhengjar av nestorianisme, som døydde i eksil i Egypt, Filoksenos av Mabbug, ein kjend miafysittisk lærd og Stefan av Hierapolis (ca. 600), som skreiv om livet til St. Golindouch. På 500-talet hadde metropolitt-setet ni underbispedøme.[5] Chabot nemner tretten jakobittiske erkebiskoipar frå 800- til 1100-talet.[6] Ein latinsk biskop, Franco, i 1136, er kjend.[2][7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Aleppo guvernement. Arkivert på [1]. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 2,2 Catholic Encyclopedia
  3. Encyclopædia Britannica 11th Edition
  4. Or. Christ. II 925-8
  5. Echos d'Orient 14:145
  6. Revue de l'orient chrétien VI:200
  7. Lequien, III, 1193