Øya Ro

Koordinatar: 36°09′N 29°30′E / 36.150°N 29.500°E / 36.150; 29.500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ro
øy
Land  Hellas
Del av Dodekanesane
Areal 1,476 km²
Folketal 0 (2011)
Kart
Øya Ro
36°09′18″N 29°30′05″E / 36.155°N 29.501388888889°E / 36.155; 29.501388888889
Wikimedia Commons: Ro, Greece

Ro (gresk Ρω, tyrkisk Kara Ada) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane aust i Middelhavet. Øya har eit areal på 1,6 km². Ho ligg vest for Kastellórizo og berre få kilometer frå sørkysten av Tyrkia. Øya høyrer til kommunen Kastellórizo.[1]

Ro har nesten aldri vore busett i moderne historie, bortsett frå ein gresk patriot som gjorde ho kjend, Déspina Akhladióti. Kvar dag heiste Akhladióti eit gresk flagg, klart synleg frå tyrkisk jord, på øya. Denne patriotiske handlinga gjorde Akhladióti kjend rundt om i Hellas fram til ho døydde i 1982.[2]

Ein liten gresk militærstyrke er i dag stasjonert på øya, mellom anna for å halde fram tradisjonen med å heise flagget. Ved folketeljinga i 2011 var det ingen permanente innbyggjarar på øya.[3] Det vart registrert 1 innbyggjar ved folketeljinga i 2021.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2021
  2. Chroniko tou Eikostou Aiona (Chronicle of the 20th century), ed. 4E, Athens, 1990, p. 1258.
  3. «Greek Population Census, 2011». Henta 25. januar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


36°09′N 29°30′E / 36.150°N 29.500°E / 36.150; 29.500

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.