Akademia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Akademiske klede og diplom ved Institute of Technology Carlow i Irland.

Akademia er ein kollektiv term for studentar og høgtutdanna folk som driv med høgare utdanning og forsking.[1]

Ordet «akademia» kjem frå engelsk og latin academia,[2] og er avleidd frå Akademiet skipa av Platon i Athen, som vart namngjete som eit senter for lærdom. Lærestaden heldt til i eller ved ein olivenlund vigd visdomsgudinna Athene med namn etter den tidlegare eigaren Akademos, ein attisk helt.[3]

Akademia har kome til å bety den kulturelle akkumulasjonen av kunnskap, det vil seie utviklinga og overføringa av denne frå generasjon til generasjon. På 1600-talet vart termen popularisert i Storbritannia og Frankrike til å skildre visse typar institusjonar for høgare utdanning.

Ein akademikar er da vanlegvis ein person som arbeider som forskar og/eller lærar ved eit universitet eller ein høgskole. Vedkomande har nesten alltid ei høgare akademisk utdanning sjølv.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Askheim, Svein; Lackner, Elisabeth Josefine (25. januar 2023). «akademia». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. «academe». Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005.  (Krev abonnement eller medlemskap i britisk offentleg bibliotek.)
  3. Schmitz, Leonhard (1867), «Academus», i Smith, William, Dictionary of Greek and Roman Biography and Mythology 1, Boston, s. 5, arkivert frå originalen 7. september 2007, henta 24. desember 2020