Alfred P. Wright
Alfred P. Wright | |||
Fødd | 1. september 1847 Porsgrunn | ||
---|---|---|---|
Død | 26. januar 1929 (81 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | forretningsdrivande, reiar | ||
Mor | Karen Magdalene Wright | ||
Far | Peter Magnus Petersen | ||
Ektefelle | Helene Gulbranson | ||
Barn | Carl P. Wright | ||
Alle verv |
|
Alfred Petersen Wright (1. september 1847–26. januar 1929), opphavleg Alfred Petersen, var ein norsk forretningsmann og skipsreiar frå Porsgrunn. Frå 1910 til 1912 var han stortingsrepresentant for partiet Høgre.
Karriere[endre | endre wikiteksten]
Wright vart cand.jur. i 1873. Etter nokre år utanlands tok han over faren sine forretningar. Han deltok i opprettinga av skipsforsikringsselskapet «Reform», etablerte Porsgrunn Gjærfabrikk og Norrøna Fabrikker, deltok i opprettinga av Porsgrunn Porcelænsfabrik og Porsgruns bryne-og slipestensfabrik. Han var frå 1896 dansk medlem av Tolltariffkommisjonen, 1897 av komiteen om Noregs deltaking i Stockholmsutstillinga og i 1906 av Traktatkomiteen. I tillegg var han frå 1903 medlem av Jarnbanekomiteen. Wright var styreleiar for Skiens kreditbank frå 1891.
Wright var med i Porsgrunn bystyre frå 1893, i mange år medlem av formannskapet og ordførar. Som Alfred Petersen var han vararepresentant til Stortinget i tida 1886 til 1894 for Høgre-partiet. Sidan var han varamann til Stortinget 1903–1906, møtte frå 2. november til 2. desember 1903 i staden for Jørgen Knudsen. I 1910–1912 var Wright fast representant på Stortinget, permittert 1912-sesjonen frå 8. juli. På Stortinget var han visesekretær i Lagtinget og medlem i Tollkomiteen.
Han var far til Carl P. Wright.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914