Arvid Piltingsrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arvid Piltingsrud
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. desember 1912
Død

23. oktober 1994 (81 år)

Yrke flygar

Arvid Piltingsrud (8. desember 191223. oktober 1994) var ein norsk flygar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Piltingsrud var flygar og instruktør hos Widerøe på 1930-talet. Då Sovjetunionen angreip Finland, melde han seg til kamp på finsk side. Men finnane hadde andre planar for han, og han enda opp med å læra finske offiserar å fly. Denne treninga gjekk seg på Steinsfjorden, der han òg var 9. april 1940. Etter evakueringa frå Kjeller kom Ole Reistad til Steinsfjorden for å fylla drivstoff på flyet til Speidervingen. Piltingsrud kjende Reistad frå tidlegare, og vart med i dei vidare kampane som stabsflygar for Reistad.

Etter kvart kom Piltingsrud seg over til Storbritannia, og vidare til Canada, der han var instruktør ved Little Norway. Han var med på skipinga av 331 (Norwegian) Squadron, før han kom til Stockholmsruten hausten 1941. Han var òg ved 161 (Special Duty) Squadron. Egil Sandberg flaug som telegrafist med Piltingsrud på meir enn 100 tokt.

Etter krigen var Piltingsrud flygar i DNL og SAS, før han var tilbake i Widerøe. Etter at han vart pensjonist tok han kortare oppdrag for Norrønafly og flaug dei første turane med charterturistar til Mallorca.

Bror hans, major Gunnar Piltingsrud, omkom i 1944 då flyet hans vart skote ned. Ein tredje bror, Rasmus, var forsyningssjef for Milorg-basen Elg i Begnadalen.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Piltingsrud vart for sin krigsinnsats heidra med St. Olavsmedaljen med ekegren,[1] Krigsmedaljen, britiske Distinguished Flying Cross, og dessutan den franske Æreslegionen og Croix de guerre med palme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Krigskorset og St. Olavsmedaljen med ekegren. Oslo: Grøndahl Dreyer. 1995. s. 199. ISBN 8250421906.