Bamako

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bamako
by
Land  Mali
Areal 245 km²
Folketal 4 227 569 (2023)
Kart
Bamako
12°38′45″N 7°59′32″W / 12.645833333333°N 7.9922222222222°W / 12.645833333333; -7.9922222222222
Wikimedia Commons: Bamako
Utsyn over Bamako frå ein ås rett utanfor byen.
Gatebilete frå Bamako.
Minibussar i Bamako.
Pont des Martyrs 'Martyrbrua', som bind i hop bydelane på kvar side av elva Niger.

Bamako er hovudstaden i det afrikanske landet Mali. Byen ligg ved elva Niger (Joliba 'blodelva' (joli 'blod', ba 'elv') på bambara) i den sørvestlege delen av landet. Bamako er administrativt sentrum i landet, og er ein viktig hamneby og eit regionalt handelssentrum. Hovudnæringane er tekstil, matvarer og metall.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Bamako er på sjetteplassen mellom dei raskast veksande byane i verda.[1] I 1884 hadde byen 2 500 innbyggjarar, i 1908 8000 innbyggjarar,[2] i 1945 37 000 innbyggjarar, i 1960, året då Mali blei uavhengig, hadde talet stige til 100 000, og i 2009 var det kome opp i 2 209 225.[treng kjelde] Byen er dessutan den sjuande største i Vest-Afrika, etter Lagos, Abidjan, Kano, Ibadan, Dakar og Accra.

Namnet på byen[endre | endre wikiteksten]

Namnet Bamako kjem frå bambara og tyder 'krokodillerygg' (bama 'krokodille'; 'rygg').[3]

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

Bamako har desse bydelane; namna er skrivne på bambara (bamanankan) og nokre i tillegg på fransk (etter skråstreken når båe språka er med):

  • Hippɔdrɔme / Hippodrome
  • Korofina
  • Badalabugu / Badalabougou
  • Bamakɔ Kura / Bamako Coura
  • Jikoroni / Djicoroni
  • Bakɔ jikɔrɔni / Baco Djicoroni
  • Misira / Missira
  • Medina Kura / Médina Coura
  • Bankɔni / Bankoni
  • Maɲambugu / Magnambougou
  • Dravela
  • Jɛlibugu
  • Bolibana
  • Wɔlɔfɔbugu
  • Bajalan I,II,III
  • Ɲarela
  • Bagadaji
  • Bozola
  • Falaje
  • Ɲamakoro
  • Sɛbenikɔrɔ
  • Quinzanbugu
  • Kinsanbugu
  • Amdalayɛ
  • Sabalibugu
  • Titibugu
  • Lafiabugu
  • Badalabugu
  • Torokɔrɔbugu
  • Quartier du fleuve




Klima[endre | endre wikiteksten]

Bamako ligg lengst sør i Sahel og har eit tropisk klima med ein gjennomsnittleg nedbør på 878 mm i året, og med ei klårt åtskild tørketid og regntid.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjende personar som er fødde i Bamako[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The world’s fastest growing cities and urban areas from 2006 to 2020
  2. S. Konaté, Bamako, enracinée dans l’histoire, ouverte au Monde, L’Essor, 1. desember 2005.
  3. Brauner, Siegmund 1974. Lehrbuch des Bambara. Leipzig: VEB Verlag Enzyklopädie.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bamako