Hopp til innhald

Barbora Špotáková

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barbora Špotáková

Statsborgarskap Tsjekkia
Fødd 30. juni 1981 (42 år)
Jablonec nad Nisou
Yrke spydkastar, friidrettsutøvar
Språk tsjekkisk
Høgd 182 centimeter
Barbora Špotáková på Commons

Barbora Špotáková (fødd 30. juni 1981) er ein tsjekkisk spydkastar frå Jablonec nad Nisou som i tida 2006-14 vann to olympiske gllmedaljar, VM-gull 2007 og EM-gull 2014, samt to VM-sølv, eitt EM-sølv og ei EM-bronse. Sidan 2008 er ho verdsrekordhaldar i spyd for kvinner.

Barbora Špotáková i 2010

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Špotáková tevla i unge år i mangekamp. Ho byrja så å spesialisere seg i spydkasting, utan å kunne kvalifisere til finale korkje under Sommar-OL 2004 eller friidretts-VM 2005. Ho fekk sitt internasjonale gjennombrot i 2006 med sølv i europameisterskapen i Göteborg. Året etter vart ho verdsmeister i Osaka med ny tsjekkisk rekord på 67,07 meter, og i 2008 vart ho olympisk meister i Beijing, då med europarekord målt til 71,42 meter. Den 13. september 2008, tre veker etter OL-tevlinga slengde ho spydet 72,28 m under IAAF-finalen i Stuttgart, ny verdsrekord med over ein halv meter.

Etter sølvmedaljar i VM 2009 og 2011 og bronse i EM 2010, tok ho ein ny gullmedalje då ho forsvarte OL-tittelen i London i 2012. I åra etter OL-sesongen nådde ho ikkje lengre opp mot sitt gamle toppnivå, men lukkast likevel verte europameister 2014, med knapp margin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]