Hopp til innhald

Beltelastar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liebherr 631 beltelastar.

Beltelastar er ei anleggsmaskin som vert nytta for planering og lasting av jord, drus og stein. Arbeidsoppgåvene er langt på veg dei same som for ein hjullastar, men på grunna av at belta er marktrykket mindre[1]. Beltelastarar kan difor nyttast på mark som er for blaut for hjullastarar.

Beltelastarar vert produserte i storleikar frå 5 til 25 tonn og med skuffevolum på opp til 3 m2. Dei vert drivne av dieselmotorar med effekt frå 30 til 160 kW. Maksimalfarten varierer frå 7 til 11 km/time.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Beltelastarar vart utvikla etter 2. verdskrig, ved at skjeret på bulldosarar vart erstatta med ein kraftig frontlastar som på ein hjullastar. Men beltetraktorane som vart nytta for bulldosarar vart for framtunge når dei vart nytta for beltelastarar. Mange produsentar flytta difor motoren bak på maskina, slik at han fungerte som motvekt mot lasta i den frontmonterte skuffa[1]. Førarhuset vart flytta framover til om lag midt på maskina, slik at føraren fekk betre utsikt framover. På sama måte som bulldosarar kan beltelastarar utstyrast med ein bakmontert grubbar.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Beltelastar.
  1. Beltevangar
  2. Motor
  3. Hevarmar - med parallellføring
  4. Skuffe
  5. Grubbar
  6. Førarhus

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 König, H., Maskinen im Baubetrieb, 2. utg., Vieweg+Teubner Verlag, 2008.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]