Bjorli stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjorli stasjon

Bjorli stasjon i 2009
Foto: Zzrbiker
Stasjonsområde
Stad Bjorli i Lesja kommune
Distanse 399,84 km frå Oslo sentralstasjon
Høgd 574,7 moh.
Opna 21. november 1921
Arkitekt NSB Arkitektkontor ved Gudmund Hoel og Gerhard Fischer
Linjer og rutedrift
Linje(r) Raumabana
Overgang
Kart
Bjorli stasjon

Bjorli stasjon er ein jernbanestasjon på Raumabana, opna i 1921. Stasjonen ligg i sentrum av bygda Bjorli i Lesja kommune, på grensa mellom Gudbrandsdalen og Romsdalen, 55 kilometer nordvest for Dombås.

Bjorli var endestasjon på Raumabana i to år, inntil bana vart forlenga til Verma i november 1923.

Alle regiontoga på Raumabana stansar på Bjorli. Turisttoga frå Åndalsnes har endestasjon her kvar sumar.

Passasjertal[endre | endre wikiteksten]

I 2011 reiste om lag 13 000 passasjerar til og frå Bjorli.[1]

Trafikkavvikling[endre | endre wikiteksten]

Sporarrangementet er eit gjennomgåande togspor, eit 313 meter langt kryssingsspor, eit gjennomgåande spor som ikkje er i bruk, spor til godsrampa og spor til svingskiva. Ein kilometer aust for stasjonen låg sidesporet til Bøvermoen grustak, der det meste av grusen til baneanlegget vart henta. Sidesporet vart lagt ned på 1980-talet.[2]

Bjorli er den einaste mellomstasjonen på Raumabana som er fast betent med togekspeditør. Stasjonen utvekslar togmeldingar med Dombås og Åndalsnes. På Bjorli kan ei signalskive setjast ut som gjer det mogleg å køyre to tog på bana utan at nokre av mellomstasjonane er betente.

Stasjonsbygninga[endre | endre wikiteksten]

Stasjonsbygninga vart bygd i 1920 og er teikna av Norges Statsbaners arkitektkontor ved Gudmund Hoel og Gerhard Fischer. Bygninga er større og har ei noko anna utføring enn dei andre stasjonane langs bana. Bygningskroppen er av maskinlafta tømmer kledd med liggjande trepanel og bindingsverk i gavlane. Taket er tekt med skifer. Inngangen til venterommet og gavlvindauga i vestre ende av bygninga og godshuset er ramma inn med ornamentikk i nyrokokko. Endeveggen i aust har doble sett med vindauge i kvar etasje. Godshuset er i ei sidefløy til stasjonsbygninga.

I første etasje var det ekspedisjonsrom, telegrafistrom, godsrom og eit stort venterom. I delar av venterommet var det kafé. Ekspedisjonsrommet hadde eit utbygg mot plattforma med plass for innvendig stillverk. I andre etasje var det bustad med inngang frå baksida og frå 1946 overnattingsrom for beteninga. Kafédelen av venterommet vart bygd om til kvilerom og garderobe for baneavdelinga i 1975.

Kulturminne[endre | endre wikiteksten]

Bygningsmassen på Bjorli omfatta ein privétbygning, svingskive, garasje, vedskur, to voktarbustader med uthus og eit vasstårn med pumpehus. Vasstårnet er kvadratisk med pyramidetak og bygd i betong forblenda med fuga natursteinsmur. Tårnet vart bygd med ekstra høgd for å kunne pumpe vatn opp til andre etasje i stasjonsbygninga.

NSBs bygningsregistrering i 1981 vurderte stasjonsbygninga til å vere «i god stand», men av middels verneinteresse. Vasstårnet var i god stand og vart vurdert som prioritert verneklasse.[3]

I Verneplan for jernbanebygninger (1993) vart vasstårnet og det tilhøyrande pumpehuset administrativt verna.[4]

Utanom vasstårnet og pumpehuset vart ingen bygningar på Bjorli nemnde i Nasjonal verneplan (2004), men stasjonen er seinare administrativt verna. Vernet omfattar heile stasjonsanlegget med indre og ytre sikringsanlegg, bygningar, sporplanar m.v. All infrastruktur som er naudsynt for å køyre tog med damplokomotiv skal vere i operativ stand. Stasjonsbygninga, godshuset, vasstårnet, pumpehuset, svingskiva og dei tre funksjonærbustadane er alle verna.[5]

Strekningsvern Bjorli - Åndalsnes[endre | endre wikiteksten]

Den 58 kilometer lange strekninga frå Bjorli til Åndalsnes vart foreslege verna i Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen (2004) på grunn av banas spektakulære plassering og hennar velbevarte, opprinnelege preg. Verneklassa var kategori C; bane med aktiv drift kor moderne togdrift skal ta omsyn til kulturminnet.[6]

Vernevurdering (utdrag)
Raumabana er ei av Norges tidligaste og framste turistbanar. Allereie fra opninga vart det satsa på turisme, og strekninga Åndalsnes - Bjorli var veleigna for ekstratog for reisande med cruiseskip som la til i Åndalsnes. Landskapet er på heile strekninga dramatisk. "Verma-avsnittet" er spektakulært, med vendesløyfa, Kylling bru og Vermafossane som dei største attraksjonane. Her er det konstruert og bygd jernbane gjennom eit landskap som i utgangspunktet er heilt ueigna for jernbanebygging.

Raumabana syner i hovudsak eit norsk jernbaneanlegg anno ca. 1920, bygd med datidas teknikkar, utstyr og materialar. Anlegget er dessutan gjennomført på ein forbilledleg måte kva terrengtilpasningar og formgjeving av elementa angår. Bana representerar "steinepoken" ved dei norske jernbanane. Tunnelportalar, forstøtningsmurar, kulvertar, stikkrenner og bruer er alt saman kunstferdig mura opp av lokal stein, noko som gjer at baneanlegget framstår som ein heilskap. Ytterlegare eitt element som berikar strekninga i jernbanehistorisk samanheng er den intakte stolpekursen.

Restaurant[endre | endre wikiteksten]

På Bjorli stasjon vart det bygd ein stor jernbanerestaurant mellom 1925 og 1927 med plass til 700 spisegjestar. Han var hovudsakleg berekna på turistar som kom med turistskip til Åndalsnes, og som vart frakta vidare til Bjorli med tog gjennom den vakre Romsdalen. På restauranten fekk dei servert laks og jordbær, sjokoladekake og fyrstekake. Restauranten brann ned og vart aldri bygd opp att etter å ha vorte råka av ei bombe i april 1940.

Stasjonsmeistrar[endre | endre wikiteksten]

  • 1921–1923: Tore J. Moen
  • 1924–1929: Carl Gustav Romsaas
  • 1930–1935: Sigurd S. Løken
  • 1935–1939: Jon Johansen Østby
  • 1939–1949: Johan Eriksen
  • 1949–1953: Axel Magnus Marsten
  • 1953–1958: Leif Arvid Hoel
  • 1958–1962: Kristian Andersen
  • 1962–1977: Kåre Magnar Næss
  • 1977–1984: Ole S. Andersen
  • 1984–1993: Oddvar Uhlen
  • 1993–?: Bjørn Alnes[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. Jernbaneverket (2012). Stasjonsstrukturprosjektet. Dovrebanen (søndre del og Raumabanen}. Jernbaneverket. s. 7. 
  2. Noregs Statsbanar (1982). Tjenesteskrift utgitt av Norges Statsbaner, trykk 802. Ekspedisjonssteder og sidespor ved NSB. Rettelsesblad nr. 2. Gjelder fra 1. Januar 1982 (PDF). Hovudstyret. s. 53. 
  3. Aasmund Dahl, red. (1988). Bygningsregistrering: Hamar distrikt: Raumabanen. NSB Arkitektkontoret. s. 22–27. 
  4. Norges Statsbaner og Riksantikvaren (1993). Eivind Hartmann og Øistein Mangset, red. Verneplan for jernbanebygninger. Noregs Statsbanar og Riksantikvaren. s. 43. 
  5. Lesja kommune (2019). Tematisk kommuneplan for kulturminne i Lesja kommune. Lesja kommune. s. 27. 
  6. Jernbaneverket (2004). Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen. Del I. Strekningsvern. Jernbaneverket. s. 2, 56-58. 
  7. Raumabana. Biblioteket. 1994. s. 141,142. ISBN 8291317011. 

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]