Hopp til innhald

Bormio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsyn over Bormio

Bormio (retoromansk:Buorm) er ein kommune i provinsen Sondrio i regionen Lombardia i Nord-Italia. Kommunen har eit areal på 41 km² og i overkant av 4 000 innbyggjarar (2010). Bormio er hovudbyen i øvre Valtellina. Småbyen ligg 1 225 meter over havet, ved foten av Stelviopasset.

Bormio er internasjonalt kjend for sine varme kjelder og som vintersportsstad. Sidan midt på 1990-talet har det ofte vorte arrangert verdscuprenn på staden. Verdsmeisterskapane i alpine greiner for 1985 og 2005 vart avvikla i Bormio.

Skirennaren Deborah Compagnoni er frå Bormio.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]