Daghumma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Daghumma, også deġemma, dagama, darhama, er eit perkusjonsinstrument laga av ein kalebass som blir nytta i mauritansk musikk. Det er ei rangle med ein open ende som ein kan lukka delvis med handa for å endra tonehøgd. Rangla blir slått mot låret for å gje lyd. Ofte har det eit perlenett som slår mot sidene og lagar lyd.[1]

Daghumma blir for det meste brukt av kvinner som rytmisk akkompagnement til songane deira som blir framført privat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Libin, Laurence (2015). «Daghumma» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-974339-1. 
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.