Hopp til innhald

Dalneretsjensk

Koordinatar: 45°56′N 133°44′E / 45.933°N 133.733°E / 45.933; 133.733
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dalneretsjensk
Дальнереченск
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Dalneretsjensk
Byvåpenet til Dalneretsjensk


Plassering
Dalneretsjensk is located in Russland
Dalneretsjensk is located in Primorskij kraj
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Primorskij kraj
Grunnlagd
Bystatus
1894
1917
Geografi
Flatevidd
 - By

108 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

28 283
  261,9 /km²
Koordinatar 45°56′N 133°44′E / 45.933°N 133.733°E / 45.933; 133.733
Tidssone
- Ved sommartid
VLAT (UTC+10)
VLAST (UTC+11)
Diverse annan informasjon
Postnummer 69213X
Retningsnummer (tlf) +7 423 56
Bilnummer 25, 125

Dalneretsjensk (russisk Дальнере́ченск) er ein by i Primorskij kraj i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Byen ligg berre fem kilometer frå den kinesiske grensa, rundt 350 km nord for Vladivostok (vegavstand 430 km).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd av kosakkar i 1895 og han vart raskt eit tømmersenter på grunn av den storvokste gran- og furuskogen i området. Han fekk bystatus i 1917.

Byen vart opphavleg kalla Iman (russisk: Иман, koeransk 언만, Unman, kinesisk 伊曼, Yiman). Det russiske namnet vart endra til Dalneretsjensk (som tyder ein stad ved ei elv langt borte i 1972), som ein del av ein kampanje for å feste sovjetisk suverenitet i regionen. På kinesisk vert framleis namnet Yiman nytta.

Det er ein minnested i byen der grensevaktane som døydde under den kinesisk-sovjetiske grensekonflikta på Damanskijøya i 1969 er gravlagd.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Den årlege temperaturnormalen i byen er +1,5 °C. Temperaturnormalen i juli er +20,7 °C, i januar −17,7 °C.

Økonomi og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Økonomien i byen er dominert av verksemder innan treforedling, som Primorskij DOK, JSC Dalneretsjenskij Lesokombinat og andre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.