Delphian Records
Delphian Records | |||
Skipa | 2000 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Edinburgh | ||
Land | Skottland | ||
Nettstad | http://www.delphianrecords.co.uk/ |
Delphian Records er eit uavhengig klassisk plateselskap frå Edinburgh i Skottland. Det blei grunnlagt i 2000 av to studentar ved University of Edinburgh, Paul Baxter og Kevin Findlan, med kapital frå to privatpersonar og støtte frå Princes Scottish Youth Business Trust.
I 2014 vann Delphian Records Gramophone Magazine sin pris 'Label of the Year'.[1]
Plateselskapet legg særleg vekt på kammer- og instrumentalmusikk, og er særleg involvert i opptak og promotering av ny musikk. Etter eit betydeleg løyve frå den skotske regjeringa,[2] gav det ut ut sitt fyrste delvis orkestrale album i 2008 med Scottish Chamber Orchestra og Garry Walker. [3] 2018 gav det ut Out of the Silence: Orchestral Music by John McLeod med Royal Scottish National Orchestra og dame Evelyn Glennie.
Delphian Records er kjent for ei rekkje samarbeidsprosjekt, og får regelmessig støtte frå Creative Scotland[4] og AHRC. I 2012 stod Delphian for ein stor produksjon av Alexander McCall Smith og Tom Cunningham sin opera The Okavango Macbeth, utført av den skotske gruppa Mr McFall's Chamber.[5]
Artistar[endre | endre wikiteksten]
Nokre kjende artistar som har gjeve ut på Delphian er Evelyn Glennie, The Marian Consort, The Illyria Consort and Bojan Cicic, Michael Bonaventure, Sean Shibe, Gordon Ferries, Mr McFall's Chamber,[6] The Choir of Merton College, Oxford, Robert Irvine, John Kitchen, Simon Smith, David Wilde, The Choir of Gonville and Caius College/Geoffrey Webber, National Youth Choir of Great Britain og Laudibus, Oxana Shevchenko og Peter Hill.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Gramophone. «Label of the Year» (på engelsk). Henta 12. oktober 2018.
- ↑ [1] Arkivert 2008-03-21 ved Wayback Machine.
- ↑ «Out of the Silence: orchestral music by John McLeod | Delphian Records» (på engelsk). Henta 12. oktober 2018.
- ↑ «softLOUD: music for acoustic and electric guitars | Delphian Records» (på engelsk). Henta 22. oktober 2018.
- ↑ «The Okavango Macbeth - Recordings - Mr McFall's Chamber» (på engelsk). Henta 22. oktober 2018.
- ↑ «Album: Mr McFall's chamber, Birds & Beasts (Delphian) - Reviews - Classical». Henta 2. mars 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Delphian Records» frå Wikipedia på engelsk, den 7. februar 2024.