Diabas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diabas

Diabas, doleritt eller mikrogabbro er ein mafisk, holokrystalllinsk, subvulkansk bergart som svarar til vulkansk basalt eller djupbergarten gabbro. Diabasgangar er typisk grunne inntrengande massar og består ofte av finkorna til afanittiske grunne intrusjonar som kan innehalde tachylitt (mørkt mafisk glas).

Diabasgangar opptrer i nesten alle geologiske formasjonar. Det norske grunnfjellet er mange stader gjennomsett av mange diabasgangar. Dei fleste diabasgangane er mindre enn 10 meter tjukke, men dei kan av og til vere særs mykje breiare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Diabas