Diskusjon:«Tirpitz» i Åsenfjorden

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sitatet i første delen er truleg ikkje eit sitat i det heile, men ei bokmålsomsetjing av eit sitat. Då bør det ikkje leggjast fram som eit sitat. --Tannkrem 22:20, 26 februar 2008 (CET)

Dersom artikkelen vert fletta, vil skipsartikkelen få ei slagside ved at hendinga i Åsenfjorden får for mykje vekt. Denne artikkelen handlar ikkje primært om Tirpiz, men om skipet i Åsenfjorden. Slik sett kan artikkelen vel så gjerne flettast med Åsenfjorden. Men som eg plar meine i slike diskusjonar: lat det vere som det er. - Knut 22:49, 26 februar 2008 (CET)
Eg kan ikkje sjå at denne hendinga er leksikonverdig i seg sjølv. Innleiinga fortel iallfall ikkje noko om kvifor denne soga er verdig eit eige oppslagsord (Ingen døydde, ingenting spesielt skjedde, skipet vart ikkje seinka og fekk heller ikkje utretta noko spesielt). Litt av informasjonen kan flettast inn i artikkelen om krigsskipet, og noko av det høver betre i andre artiklar, som Fættenfjorden. Alternativet til fletting er sletting, slik eg ser det. For skipet er leksikonverdig, fjordane og ein del av dei andre stadnamna er leksikonverdige, krigen er leksikonverdig og mange andre element i denne artikkelen er leksikonverdige, men forteljingar om tilfeldige aksjonar og mindre hendingar under krigen, og informasjon om at eit skip har lege i ein fjord, er ikkje leksikonverdig. Og det at eit skip kan få slagsida er ikkje eit argument for at dette oppslagsordet er leksikonverdig. ;-) --Tannkrem 20:31, 28 februar 2008 (CET)
Då er det delte meiningar om korleis vi løyser dette, akkurat som på bokmålswikipediaen. --Knut 22:44, 28 februar 2008 (CET)
Slik eg ser det, er det ikkje nokon annan måte å «løysa» dette på enn å fletta. Difor har eg flytta det meste av viktig informasjon til Fættenfjorden og «Tirpitz». Om nokon synest dette gjev artikkelen om slagskipet ei slagsida, kan dei kutta ned på den bolken eller utvida resten av artikkelen. Om denne informasjonen ikkje står i dei artiklane som faktisk er leksikonverdige, vil ingen få nytte av informasjonen. For informasjon om slagskipet «Tirpitz» vil ein leksikonbrukar leita etter i artikkelen som handlar om skipet. Eg vil likevel la denne artikkelen stå ei stund til før eg føreslår sletting, slik at det er høve til å ta vare på enno meir av det som står her.
Eg har òg funne ein feil i denne artikkelen. I innleiinga står det at skipet låg i fjorden fram til 1943. Det ser ikkje ut til å stemma med resten. --Tannkrem 00:24, 29 februar 2008 (CET)

Det er ingen grunn til å flytte denne artikkelen sidan den kan sidestillast med eit slag i ein krig, jmr Slaget på Stiklestad. I tillegg har britane set opp eit minnesmerke over dei falne. Thesam (diskusjon)

(Marg) Fletteforslaget har stått siden 26. februar 2008, nå fjerner jeg det. Jeg mener vi godt kan ha en egen artikkel om dette. --Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 9. november 2018 kl. 19:40 (CET)[svar]