Hopp til innhald

Diskusjon:Det palestinske området

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eintal eller fleirtal? Her er det sprik mellom overskrift og innleiing. Eg likar ikkje ordet «styresmakt», så for meg greier det seg lenge med eintal. Men eg er kanskje forutinntatt? --Knut 31. oktober 2010 kl. 15:46 (CET)[svar]

Eg tok ein kikk på regjeringen.no, og der ser dei ut til å bruka nemninga Det palestinske området. --Ranveig 31. oktober 2010 kl. 16:14 (CET)[svar]
Da skriv eg slik regjeringa gjer. --Knut 31. oktober 2010 kl. 16:50 (CET)[svar]

Palestina ?[endre wikiteksten]

Staten Palestina er i dag anerkjent av Noreg. Eg foreslår å endra namn på sida til Palestina, på fleirtyding Palestina (stat). Mvh Øyvind Heitmann Wikarth (diskusjon) 22. mai 2024 kl. 13:03 (CEST)[svar]

Det går sikkert an, kanskje frå anerkjenninga trer i kraft 28. mai. Teksten som no ligg på Palestina kan kanskje flyttast til Palestina-regionen (tilsvarande Kina-regionen). -- Ranveig (diskusjon) 22. mai 2024 kl. 13:18 (CEST)[svar]
Gode Ranveig ! Eg er ikkje heilt sikker på kva du meiner. Muleg det beste hadde vore å laga ei ny side Palestina ved å begynna med å slå saman denne sida ("Det palestinske området"/"Den palestinske sjølvstyresmakta") og "Dei palestinske territoria" ? Eg veit ikkje om eg har autoritet til å gjera sånne endringar. Men teksten kan eg vera med på å laga.
Mvh Øyvind Heitmann Wikarth (diskusjon) 3. juni 2024 kl. 17:19 (CEST)[svar]
Flyttinga eg føreslo er alt gjort. Det palestinske området ligg under dette namnet på andre wikiar, altså ikkje flytta til "Palestina". Han kan sikkert oppdaterast, men eg trur ein ny artikkel med utgangspunkt i no:Palestina, en:State of Palestine eller liknande ville vore best for tekst til artikkelen Palestina. Ranveig (diskusjon) 3. juni 2024 kl. 18:58 (CEST)[svar]