Diskusjon:Jehovas vitne

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg har set over frå den ferdig redigerte artikkelen på bokmål. --Rob 22. mai 2006 kl. 19:00 (UTC)

Denne artikkelen må ryddast opp i. Han er ikkje ferdig omsett, språket er dårleg og inkonsekvent og mange setningar er ikkje nøytrale. Til dømes står det:
Ettersom Jehovas vitne held seg nøye til læra si om Bibelen, har dei mange gonger blitt møtt med hard motstand og forfølging. Dette er ikkje ei nøytral formulering.
naturlig nok alltid møtt motstand er heller ikkje nøytralt. Det er ikkje "naturleg" motstand Jehovas vitne møter.
Artikkelen inneheld òg ein del vasete formuleringar. Til dømes at dei meiner Jesus ikkje er ein del av treeininga. Kva meiner dei i så fall er med i treeininga??
På nb: er artikkelen merka med mal:NPOV og mal:Nøyaktighet, og han er svært omdiskutert, noko som tilseier at det ikkje er særleg klokt å bruka han på nn:. Spørsmålet er då om me skal starta på nytt, eller prøva å skriva om den artikkelen som er her. Eg trur det beste er å fjerna det som står her, og starta med ei spira. Og når bokmålsbrukarane kranglar så busta fyk kan du ikkje kalla artikkelen ferdig redigert. Eg nøyer meg med å setja eit par merke på han. --Tannkrem 21:00, 7 desember 2006 (CET)
Eg er samd i at dette er fæle greier, mykje udokumentert og unøytralt. Berre slette er no drastisk då. hardhendt nedskjering? --Ekko 21:30, 7 desember 2006 (CET)
Hardhent nedskjering er sikkert godt nok ja, men det er vanskeleg å vita kva anna enn innleiinga me skal ta vare på, med mindre nokon har lyst til å bruka mykje tid på å finna ut kva som faktisk er dokumentert. --Tannkrem 21:40, 7 desember 2006 (CET)

"Jehovas vitne er eit kristent trussamfunn som baserer trua si på ei tolking av tekstane i Bibelen der dei lever etter same trua som dei første kristne". Dette er ei drøy påstand som kan vanskeleg underbyggjast. Sjølv ein romersk-katolsk og ein gresk-ortodoks vil hevde det er dei som lever etter same trua som dei første kristne. Setninga er difor særs problematisk. Alle kristne samfunn byggjer læra si på den forståinga ein trur er riktig. Ettersom Ingen leksikonartikkel skal hevde at nokon religion meir sann enn andre, erstatta eg difor den setninga med litt av innleiinga frå nb. --Anders 00:13, 19 juli 2007 (CEST)

War of words breaks out among Jehovah's Witnesses[endre wikiteksten]

http://www.independent.co.uk/news/uk/home-news/war-of-words-breaks-out-among-jehovahs-witnesses-2361448.html