Diskusjon:Kroatisk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kampen om serbokroatisk[endre wikiteksten]

Nynorsk wikipedia har no vorte arena for diskusjonen om statusen til serbisk, kroatisk og bosnisk. Språkleg sett går skiljelinene på tvers av statsgrensene, men som den lista som no vart lasta opp viser, er det skilnader i kulturordforrådet. Det som er positivt med denne jugoslaviske interessen er sjølvsagt at vi får data friskt frå kjelda, det som kan vere meir tvilsamt er kor godt balansert desse data er. I kor stor grad er t.d. ordlista som ligg der no representativ? Denne artikkelen bør vi halde eit auge med, og i verste fall får vi leggje denne ordlista på is til vi får fleire data. Trondtr 14. september 2009 kl. 22:29 (CEST).[svar]