Hopp til innhald

Diskusjon:Noreg under andre verdskrigen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2005.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2005

Usikre delar[endre wikiteksten]

Denne bolken tok eg ut fordi eg ikkje er sikker på om det er rett; me må undersøka ordleggjinga i kapitulasjonserklæringa. (Ranveig 5. okt. 2005 kl. 10:01 (UTC))

Kongen og regjeringa oppretta hovudkvarter i London, og oppmoda - i strid med Folkeretten - til vidare kamp mot tyskarane. Alle norske soldatar hadde kapitulert eller var i britisk teneste på dette tidspunktet, så regjeringa oppmoda i praksis til folkerettsstridig motstandskamp. Alle norske soldatar i England var i britisk teneste, og utanfor norsk militær kommando. Særleg viktig var regjeringa for britane på grunn av den store norske utegåande handelsflåten, som enda opp i alliert teneste.
Den norske eksilregjeringa vart óg kontroversiell fordi den tillot bigami; at norske soldatar i britisk teneste kunne gifte seg på nytt i England, utan først å oppløyse ekteskap i Noreg.

Dette her ser endå meir tvilsamt ut: (Ranveig 5. okt. 2005 kl. 10:01 (UTC))

Dei norske styrkane i tysk teneste var i verdsklasse, og vart utvalde etter både rasemessige, fysiske og psykiske kriterier. Om lag 2/3 av dei frivillege skulle vrakast, med planen å la dei øvrige inngå i tyske eliteeiningar. Dei resterande fekk stort sett plass i pansereiningar som Wiking eller Nordland, som konstant vart sette inn på Austfronten der kampane var hardast og gjekk for å vere dei beste under heile krigen.
Eit mindretal av dei norske frontkjemparane var óg med på dei siste kampane om Berlin i april 1940.

På den andre sida har me òg denne bolken frå før:

Dei norske jagarflyskvadronane utmerka seg som nokre av dei beste i det britiske flyvåpenet RAF.

som kan vera subjektiv, og bør dokumenterast. (Ranveig 5. okt. 2005 kl. 10:01 (UTC))

Sabotasje og gjenreising[endre wikiteksten]

Etter at ein sletta heile artikkelen, vart det starta på skriving av ny artikkel. Er det noko av dette som bør innarbeidast?

--Gunnernett 20. juni 2006 kl. 08:50 (UTC) "Noreg under andre verdskrigen var under tysk okkupasjon frå 1940 til 1945. Åtaket frå Hitler-Tyskland tok til 9. april 1940, Noreg var fullt ut okkupert frå førstninga av juni, og dei tyske styrkane i Noreg kapitulerte 8. mai 1945. Dette er sidan Frigjeringsdagen, og er offentleg høgtidsdag. Den lovlege regjeringa i landet, leidd av Johan Nygaardsvold, oppheldt seg i London under okkupasjonen. Under den nazi-tyske okkupasjonen var demokratiet i Noreg avskaffa. Etter ei stund vart det norske fascist-partiet NS gjort til formelt regjeringsparti, men den røynlege makta låg heile tida hos leiaren for okkupasjonsmakta, Joseph Terboven. Den nazi-tyske okkupasjonspolitikken i Noreg var realtivt mild, samanlikna med åtferda deira i mange andre land, ikkje minst i Polen, Jugoslavia og Sovjetunionen. Nordmenn flest vart sedde på som folk av rett rase som det var om å gjera å vinne over til nazistane si side. (Dette gjaldt sjølvsagt ikkje norske jødar eller sigøynarar. Halvparten av dei norske jødane vart drepne, nesten alle dei fekk tak i.) Derfor hadde tyske okkupasjonssoldatar generell ordre om å fara fint åt med norske sivile. Dersom nordmenn deltok i motstandsarbeid, vart dei likevel utsette for all den grove vald og terror nazismen elles ikkje nølte med å bruke. Til saman vart om lag 10 000 nordmenn drepne under andre verdskrigen. Kvardagslivet under okkupasjonen kunne vera vanskeleg, særleg for dei som ikkje eigde jord sjølve. Det var delvis vare- og matmangel, og sjølv om mager kost kan vera sunt ei rid, var ein i ferd med å få mangelsjukdommar på grunn av for lite feitt da krigen leid mot slutten. Folk svalt likevel ikkje i hel i Noreg under okkupasjonen, slik dei gjorde i store delar av det tysk-okkuperte Aust-Europa. Motstanden mot okkupasjonen var til å begynne med noko nølande, men særleg etter at nazifiseringa av det sivile samfunnet vart sett i gang, vart i allfall den passive motstanden omfattande. Aktiv, væpna motstand var det mindre av, med visse unnatak i siste del av okkupasjonstida."


Eg trudde dette var ein ny artikkel, som nokon berre skreiv tull på, slik som halshogging. Derfor starta eg på ny...Den gamle artikkelen er sikkert bra nok. --Erling 20. juni 2006 kl. 09:00 (UTC)
Min feil. Det gjekk for fort, eg såg ikkje at sabotøren hadde sletta heile artikkelen før han la inn vaset. --Ekko 20. juni 2006 kl. 09:35 (UTC)
Ikkje noko problem — artikkelen trengde ei betre innleiing. Den ekstra teksten var underleg lett å fletta inn. Neste steg får vera å dra inn meir av den forbetra bokmålsartikkelen. Og få tak i illustrasjonar. -- Ranveig 21. juni 2006 kl. 09:35 (UTC)
Eit spørsmål er jo om kor lang "hovudartikkelen" skal vera. Etter kvart må ein vel visa til utdjupande artiklar om ulike emne. --Gunnernett 21. juni 2006 kl. 14:37 (UTC)
Det har du heilt rett i. Kortare blir ofte betre, og også denne artikkelen kan gjerne gjerast meir konsis ved å flytta detaljar til underartiklar og la dei større linjene stå att. -- Ranveig 21. juni 2006 kl. 15:45 (UTC)