Diskusjon:Regjeringa Stoltenberg II

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stemmer det at regjeringa kallar seg sjølv Solidaritetsregjeringa? Har aldri høyrt dette. --Erlend 19:32, 22 september 2007 (CEST)

Neste regjering[endre wikiteksten]

Då fjernar eg Stoltenberg III som neste regjering. Lars Ola Eide 20. oktober 2009 kl. 07:38 (CEST)[svar]

Utnemning av regjering[endre wikiteksten]

Det er avtroppande regjeringa som utnemner den nye, i høgtideleg statsråd på slottet, dvs som Kongen i statsråd - med verknad frå eit framtidig tidspunkt f eks same dag klokka 1200. --Egil Arne 22. oktober 2009 kl. 00:36 (CEST)[svar]

Spørsmål[endre wikiteksten]

Denne artikkelen var da mye enklere og oversiktlig å lese for noen uker siden, da det stod en liste over alle statsrådene med tittelen deres foran. Nå er det jo bare rot på listen over nåværende medlemmer. Om man bare ser under Arbeidsdepartementet ved et kjapt øyekast, blir jo leseren lurt til å tro at Rigmor Aasrud fortsatt er arbeidsminister. Hvorfor forandre på en oversikt som fungerte så bra?

Då må ein i tilfelle ta eit svært så kjapt augekast :). Det er elles fleire grunnar til endringa. Den vesentlege er at eg - som laga endringa - forsøker å lage leksikon. Dvs at her skal vere så nøyaktige opplysningar som råd i ein artikkel. Lista var til dels feil - endringar i departementa var forskottert, og Hanne Bjurstrøm skulle bli arbeidsminister frå 21. desember - og ho stod i lista som sjefsforhandlar i miljøsaker framleis. Alle statsrådane stod som minister, som ikkje er den offisielle tittelen for andre enn statsministeren og utanriksministeren. Dette er også systemet eg har prøvt å få til i alle dei andre artiklane om norske regjeringar, der statsrådane har blitt knytta til departementa.
No er her også ein eigen seksjon med tidlegare statsrådar. Eg synest at dei bør flyttast til dei respektive departementa.
Men eg synest eigenleg at det er ein god ide at her er ei liste over dei noverande statsrådane. Og her er også på nn eit par forsøk på å lage ministerlister, f eks Norske landbruksministrar. Så ei slik liste over noverande statsrådar i artikkelen, knytta til dei vanlege titlane som statsrådane har på folkemunne, og knytta til slike ministerlister synest eg er ein god tanke.
Så med ein kombinasjon av desse tilnærmingane så kan dette bli bra. Men det er ein del arbeid med det :) --Egil Arne 31. desember 2009 kl. 10:50 (CET)[svar]
Joda, du fekk laga ekte leksikon-materiell, ei lang og tung liste som ikkje er fult så lett å orientere seg i. Eg likte godt den førre lista fordi ho var lett og oversiktleg, medan denne er ein del tyngre. Det vil hjelpe mykje å skrive opp statsrådposten, namnet på statsråden og perioden på same lina.
Det må jo kunna gå an å bruke minister på alle statsrådane, for det er jo det som er mest brukt. Det er mange fleire som vil søkje på Wikipedia etter til dømes "samferdsleminister", enn "sjef for samferdsledepartementet", og då bør jo det helst gje søkjeresultatar òg. Lars Ola Eide 18. januar 2010 kl. 20:48 (CET)[svar]