Ekstremvêret Clara
Ekstremvêret Clara var eit ekstremvêr som råka områda frå Salten til Vest-Finnmark 3. desember 2003.
Fleire ferjesamband i Nord-Noreg vart innstilt og E6 over Saltfjellet vart stengd. I tillegg var det problem med fleire flyavgangar i området.[1] I Bodø blåste det full storm (26 m/s) og eit tak på eit folketomt hus vart rive av og råka to bilar. To kommunar i Nordland var mista straumen.[2]
Kraftigast vind vart målt på Kråkenes fyr ved Stad, der vindstyrken var på 33 m/s (orkan). Nordøyan fyr målte 32 m/s (sterk storm), og Svinøy fyr og Sklinna fyr 31 m/s. På Sklinna vart det òg målt vindkast opp i 41 m/s. Dette vert derimot ikkje rekna som ekstremvêr på desse stadene.
Kraftigast vind[endre | endre wikiteksten]
Kraftigast vind observert 4. desember 2003.
Stasjon | Middelvind (m/s) |
Vindkast (m/s) |
---|---|---|
Kråkenes fyr | 33 | 39 |
Nordøyan fyr | 32 | 40 |
Sklinna fyr | 31 | 41 |
Svinøy fyr | 31 | 38 |
Hekkingen fyr | 31 | 38 |
Ona | 30 | 36 |
Halten fyr | 29 | 38 |
Røst | 28 | 39 |
Skrova fyr | 28 | 37 |
Myken | 28 | 36 |
Veiholmen | 27 | 38 |
Sula | 27 | 36 |
Buholmråsa fyr | 26 | 34 |
Bodø | 26 | 32 |
Ørland | 24 | 33 |
Tromsø/Langnes | 23 | 31 |
Finnøy i Hamarøy | 23 | - |
Meråker | 23 | - |
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Sterk storm i nord». Nettavisen. 4. desember 2003. Henta 29. september 2008.
- ↑ «Stormen Clara raser nordover». Nettavisen. 4. desember 2003. Henta 29. september 2008.