Erbium
Erbium er eit grunnstoff med kjemisk symbol Er, atomnummer 68 og atommasse 167,26. Det er eit lantanid.
Fysiske egenskapar[endre | endre wikiteksten]
Smeltepunkt 1497 °C Kokepunkt 2900 °C Densitet: 9,05 g/cm3
Bruk[endre | endre wikiteksten]
Erbiumoksid er rosa og vert brukt til å farga glas.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Erbium vart oppdaga av Carl G. Mosander i 1842.
Førekomst[endre | endre wikiteksten]
Erbium finst ikkje i naturen i fri form, men fleire mineral inneheld erbium og andre sjeldne jordartar.