Gud frede om vårt fedreland
«Gud frede om vårt fedreland» er ein nasjonalsalme forfatta av den finske diktaren Johan Ludvig Runeberg (med tittelen «Fosterlandet» eller «Bevara, Gud, vårt fosterland»). Hymna er omsett til norsk av Rasmus Flo.
Rasmus Flo si omsetjing er trykt i Bernt Støylen si Songbok for sundagskule og oppbyggjingsmøte (1906). Salmen vart sidan trykt med sju vers som nr 618 i Nynorsk salmebok (1925). Av desse er vers 1-2 og 5-7 tekne med i ei omarbeidd attdikting i Norsk Salmebok, der salmen står på nr 736. I framlegget til ny salmebok for Den norske kyrkja er det foreslått å gjere «Gud frede om vårt fedreland» til dublett ved at bokmålsversjonen «Du Herre, som er sterk og stor» vert teken inn.[1] Bokmålsteksten er omsett av Nordahl Rolfsen og vart brukt i Landstads reviderte salmebok.
I Nynorsk salmebok er meloditilvisinga ein «eigen tone» eller «Gud haldt oss oppe ved ditt ord». Melodien som er nytta i Norsk Salmebok nr. 736, er komponert av Edvard Grieg i 1894/95.
Tekst[endre | endre wikiteksten]
Gud frede om vårt Fedreland:
Etter Nynorsk salmebok (1925)
1. |
Gud frede um vårt fedreland, |
2. |
Her ser me det oss hugar best, |
3. |
Her federne har havt sitt sitt bu, |
4. |
Gud signe kvar ei trufast sjel |
5. |
Lat landet stødt få vera ditt |
6. |
Frå myrker hev du lyft det upp |
7. |
Men ljoset er ditt eige ord, |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og møte (1925)
- P.E. Rynning (1954): Salmediktingi i Noreg Det norske Samlaget
- Fotnotar
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Teksten til Gud frede om vårt fedreland ved Wikisource (sv). |