Hopp til innhald

Hallfrid Christiansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hallfrid Christiansen

FøddHallfrid Pedersdatter Andreassen, Hallfrid Pedersdatter Andreassen
20. februar 1886
Gimsøy
Død29. september 1964
NasjonalitetNoreg
Områdedialektologi, norske dialektar, germanistikk, filologi
Yrkefilolog
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Hallfrid Christiansen (20. februar 188629. september 1964) var ein norsk germanist, allmennlingvist og målføregranskar som særleg tok for seg talemåla i Nordland og Troms.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Christiansen var fødd Andreassen på KleppstadAustvågøya i tidlegare Gimsøy herad i Lofoten (dagens Vågan kommune). [1]. Foreldra var lærar og seinare klokkar Peder Adolf Andreassen (1858-1942) og Fredrikke Georgine Benjaminsen (1859-1942).

Hallfrid var den eldste i ein søskenflokk på sju som voks opp: [2]

  • Halfred Hjelm (1883-1884)[3] [4]
  • Aasta (1884-1884, Kleppstad) [5] [6]
  • Hallfrid (f.1886, Kleppstad) [7]
  • Yngvar Hjelm (f.1888, Gimsøysand) [8]
  • Adolf Kramer (f.1890, Kleppstad) [9]
  • Kristmar (f.1892, Vinje) [10]
  • Vidar (f.1894, Vinje) [11]
  • Bjarne (f. 1896, Vinje) [12]
  • Ellinor Johanne (f.1898, Vinje) [13]

Familien budde på Kleppstad til 1891-1892 [14], då Peder Andreassen fekk stillinga som lærar og klokkar ved Gimsøy kyrkje. Familien busette seg då på klokkargarden på Vinje på Gimsøya der Kristmar Andreassen blei fødd 19. mai 1892[15].

Utdanning og giftemål[endre | endre wikiteksten]

Etter avslutta folkeskole gjekk Hallfrid 1903-1904Lofoten og Vesterålens folkehøgskule på Ekren ved Melbu. [16]

I 1906 begynte Hallfrid på Angells privatskoleBorkenes i Kvæfjord. 20. september 1907 gifta ho seg med styraren for denne skolen, Rasmus Chr. Angell (1875-1908) [17], men ho mista ektemannen sin til tuberkulose allereie 5. oktober 1908 [18] .

Hallfrid tente som huslærar fleire stader i Lofoten og Vesterålen før ho reiste til Kristiania (Oslo). Der gifta ho seg med den yngre journalisten Olav Lüchen Kopstad (f.1896), men ektemannen døydde berre 21 år gammal 6. oktober 1915.[19] Hallfrid og Olav fekk ei dotter, Solfrid, som etter Olavs død blei oppfostra hos besterforeldra i Lofoten.

23. august 1924 gifta Hallfrid seg med arkitekten Julius Christiansen [20], og gjennom dette ekteskapet fekk ho høve til å starte med universitetsstudiar. Ho tok bifag i norsk og tysk, og las gammalgermanske språk, gresk og sanskrit. I 1935 tok ho doktorgraden i filologi med ei avhandling om talemålet på Gimsøya.

Vitskapleg arbeid[endre | endre wikiteksten]

Hallfrid Christiansen fekk aldri noka fast stilling ved universiteta i Oslo eller Bergen, trass i at ho hadde doktorgraden. Ho heldt likevel ei rekkje forelesingar ved universiteta i emne med tilknyting til norske dialektar, og ved sida av undervisninga rettleidde ho hovudfagsstudentar og skreiv fleire til dels lange vitskaplege artiklar, for nordiske og ikkje-nordiske vitskaplege tidsskrift. Av arbeida hennes er truleg lærestoffet om norske dialektar (tre hefte utgitt 1946-1948) det mest kjende.

Christiansen vikarierte i professoratet i allmenn lingvistikk for Alf Sommerfelt i åra 19411943, og for professor Carl Borgstrøm i ”det propedevtiske kursus” i allmenn lingvistikk hausten 1957.

Faghistorikarane har peika på to forhold som kan vere årsaka til at Christiansen aldri fekk fullt innpass i det språkvitskaplege miljøet. Det eine er at ho på fleire måtar stod for eit fagleg tradisjonsbrot. Ho følgde ikkje den junggrammatiske linja som var den rådande i norsk målføregransking i mellomkrigstida, men såg i staden til det strukturalistiske paradigmet. Det andre som kan ha hindra Christiansen i å få ei fast vitskapleg stilling, var at ho sysla med nordnorske språkforhold. Dette gjekk òg imot tradisjonen, som gjerne heldt nordnorske dialektar utanfor fordi dei ikkje var eigna til å påvise dei banda som kunne dokumentere linjene tilbake til gammalnorsk tid.

Hallfrid Christiansen vart medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi i 1950.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Gimsøy-målet. Fonologi og orddannelse (1933)
  • Norske dialekter (Hefte 1-3) (1946-1948)
  • «Hovedinndelingen av norske dialekter» I: Maal og minne (1954)

Om Hallfrid Christiansen:[endre | endre wikiteksten]

  1. Nordland fylke, Gimsøy i Vågan, Ministerialbok nr. 876A03 (1886-1896), Fødte og døpte 1886, Side 6 [1]
  2. Folketelling 1900 for Gimsøy herred [2]
  3. Nordland fylke, Gimsøy i Vågan, Klokkerbok nr. 876C02 (1870-1886), Fødte og døpte 1883, Side 86 [3]
  4. Nordland fylke, Gimsøy i Vågan, Ministerialbok nr. 876A01 (1863-1885), Døde og begravede 1884, Side 444 [4]
  5. Nordland fylke, Gimsøy i Vågan, Klokkerbok nr. 876C02 (1870-1886), Fødte og døpte 1885, Side 105 [5]
  6. Nordland fylke, Gimsøy i Vågan, Ministerialbok nr. 876A01 (1863-1885), Døde og begravede 1885, Side 447 [6]
  7. Nordland fylke, Gimsøy i Vågan, Ministerialbok nr. 876A03 (1886-1896), Fødte og døpte 1886, Side 6 [7]
  8. Nordland fylke, Gimsøy i Vågan, Ministerialbok nr. 876A03 (1886-1896), Fødte og døpte 1888, Side 16 [8]
  9. Nordland fylke, Gimsøy i Vågan, Ministerialbok nr. 876A03 (1886-1896), Fødte og døpte 1890, Side 26 [9]
  10. Nordland fylke, Gimsøy i Vågan, Klokkerbok nr. 876C03 (1886-1896), Fødte og døpte 1893, Side 39 [10]
  11. Nordland fylke, Gimsøy i Vågan, Klokkerbok nr. 876C03 (1886-1896), Fødte og døpte 1895, Side 45 [11]
  12. Nordland fylke, Gimsøy i Gimsøy, Vågan, Klokkerbok nr. 876C04 (1896-1914), Fødte og døpte 1896, Side 8 [12]
  13. Nordland fylke, Gimsøy i Vågan, Gimsøy, Ministerialbok nr. 876A04 (1896-1915), Fødte og døpte 1899, Side 23 [13]
  14. Folketelling 1891 for Gimsøy herred, bustad: Kleppstad [14]
  15. Nordland fylke, Gimsøy i Vågan, Klokkerbok nr. 876C03 (1886-1896), Fødte og døpte 1893, Side 39 [15]
  16. Vågan folkehøgskule 1901-1926 [16]
  17. Haalogaland, onsdag 18. september 1907 [17]
  18. Harstad Tidende, torsdag 8. oktober 1908 [18]
  19. Aftenposten, fredag 8. oktober 1915 [19]
  20. Oslo fylke, Oslo Domkirke / Vår Frelsers i Oslo, Klokkerbok nr. 4 (1917-1926), Viede 1924, Side 200 [20]