Hans Wiers-Jenssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Wiers-Jenssen

Fødd25. november 1866
FødestadBergen
Død25. august 1925 (58 år)
DødsstadBergen
Verka somskodespelar, skribent
EktefelleRigmor Nicolowna Wiers-Jenssen
BornJohan Henrik Wiers-Jenssen

Hans Wiers-Jenssen (fødd 25. november 1866 i Bergen, død 25. august 1925 i Bergen) var ein norsk forfattar, skodespelar, teaterregissør og teaterhistorikar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Hans Wiers-Jenssen var son av fargaren Johan Jenssen og kona hans Elisa Magdalena Wiers. I 1894 gifta han seg med Rigmor Nicolowna Danielsen. Teatermannen Johan Henrik Wiers-Jenssen var sonen deira.

Som forfattar er Hans Wiers-Jenssen særleg kjent for teaterstykka Anne Pedersdotter (urpremiere på Nationaltheatret i 1908), som tek utgangspunkt i den sanne historia om prestekona som vart brunnen på bålet som heks i Bergen i 1590, og Jan Herwitz (urpremiere på Nationaltheatret i 1913, som kan reknast som ein bergensk folkekomedie. Danske Carl Th. Dreyer laga ein film basert på skodespelet Anne Pedersdotter; filmen hadde premiere i 1943 under tittelen Vredens dag. Det har òg vorte komponert to operaer over Wiers-Jenssens Anne Pedersdotter. Den første av dei to var den italienske La fiamma (1934), med libretto av Claudio Guastalla og musikk av Ottorino Respighi, det andre var den norske Anne Pedersdotter, med libretto av Hans Kristiansen og musikk av Edvard Fliflet Bræin. Denne operaen vart uroppført på Den norske operaen i 1971.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Tutti-Frutti. 1893 Nytaars-Revyen paa Eldorado, oppført 1893
  • No. 333, songspel, oppført 1899
  • Fra de gode, gamle Dage. Fortællinger optegnede af En Bergenser, Bergen 1907
  • Anne Pedersdotter, skodespel, oppført 1908, trykt 1962
  • Jan Herwitz. Gamle Bergensbilleder, lystspel i fire akter, oppført 1913, trykt Bergen 1943
  • Krøniker fra den gamle by, 1916
  • Billeder fra Bergens ældste teaterhistorie, Bergen 1921
  • Nationaltheatret gjennem 25 aar, 1924
  • Den Nationale Scene. De første 25 aar, Bergen 1926

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]