Ivar Eikrem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivar Eikrem
Fødd10. august 1898
Død18. oktober 1994 (96 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Ivar Kornelius Eikrem (10. august 189818. oktober 1994) var ein norsk gardbrukar og politikar frå øya Gossa i dåverande Nord-Aukra herad. Han var ordførar 1945-47 i Nord-Aukra og representerte ArbeidarpartietStortinget i tida 1954-1965.

Eikrem var son til ein gardbrukar og fiskar. Han var sjølv fiskar og arbeidde på gard åra 1913 til 1923, bortsett frå eit år folkehøgskulekurs på Aukra i 1918. I 1923 reiste han til Nord-Amerika, der han var bygningsmann og gardsarbeidar i tre år. Han vende heim i 1926 og tok i 1927 over farsgarden på Eikrem. Jamsides dreiv han også fiske.

Frå 1934 var Eikrem med i Nord-Aukra heradsstyre, til dess okkupasjonsmakta avvikla det i 1941. Etter fredsslutninga i 1945 var han med i det gjenoppretta heradsstyret til 1959. Han var 1945-47 ordførar og 1952-59 varaordførar i Nord-Aukra.

Hausten 1953 stod Eikrem på tredjeplass på Arbeidarpartiet si stortingsvalliste i Møre og Romsdal og kom inn på Stortinget med stor margin. Både i 1957 og 1961 fekk han fornya tillit hos veljarane i fylket. Alle tolv sesjonane på Tinget var han med i Sjøfarts- og fiskarkomiteen, som sekretær i komiteen frå 21. november 1961.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]