Johan Schaanning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Schaanning
Fødd18. august 1818
Gjerpen kommune
Død8. mai 1889 (70 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkelege, reiar, politikar
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1871–1873)
  • stortingsrepresentant (1874–1876)
  • vararepresentant til Stortinget (1859–1861)
  • vararepresentant til Stortinget (1862–1864)
  • vararepresentant til Stortinget (1865–1867)
  • vararepresentant til Stortinget (1868–1870) Sjå dette på Wikidata

Johan Jørgen Lange Schaanning (18. august 18188. mai 1889) var ein norsk lege og stortingsmann frå Gjerpen i Telemark. Jens Schaanning var halvbror hans.

Han vart student frå Skiens skole i 1835 og cand. med. i 1840. Frå 1841 var han privatlege i Porsgrunn, til Skien i 1847. Etter bybrannen 1886 flytta han praksisen tilbake til Porsgrunn. Elles skipsreiar frå 1848.

Schaaning var medlem av bystyret i Skien i mange år frå 1855. Han var direktør i det første norske skipsassuranseselskapet i 1860. Han deltok i stiftinga av Det Norske Veritas, der han sidan var med i representantskapen. Sidan 1865 var han med i styret for Porsgrunn mekaniske verksted, oftast som styreformann.

Schaanning representerte Skien på Stortinget 1871-76. I begge periodane var han medlem av næringskomite nr 1, sekretær for komiteen i den første perioden. 1874-76 var han også medlem av Lagtinget.

Han døydde i Porsgrunn i 1889.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]