Hopp til innhald

John Steen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Steen
Fødd12. juni 1798
Trondenes kommune
Død31. oktober 1872 (74 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
BarnJohannes Steen, Frederik Steen
Alle verv

John Svaboe Steen (12. juni 179831. oktober 1872) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Trondenes i Troms. Han var far til Johannes og Frederik Steen.

Steen var fødd i Trondenes, der far hans var prest. Sjølv avla han norsk juridisk eksamen i 1822 og var dei neste fire åra fullmektig ved generalprokurørembetet. Åra 1826-30 var han inspektør ved Rikshospitalet i Christiania, deretter i tretten år sorenskrivar i Lofoten og Vesterålen. Han var rådmann i Bergen 1843-52 og tollkasserar i same byen 1852-68.

Steen representerte Nordlands amtStortinget 1836-39. På alle tre tingsamlingane var han sekretær i Stortinget, medlem av justiskomiteen 1836 og på omframstortinget 1836-37, samt medlem av kyrkjekomiteen i 1839.

Han døydde i Kristiania i 1872.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914