Kategoridiskusjon:Verdsarv
Kva skapar minst rot?[endre wikiteksten]
Såg at verdsarvstatusen til Riga og Tallinn "forsvann" (eller kategoriane "verdsarv i Latvia/Estland" gjorde) med grunngjevinga at landa deira har lite verdsarv. Eg er einig i at det ser litt rart ut med kategoriar som bare har eit par artiklar, men på ein eller annan måte må då også desse områda få koma inn under verdsarv-kategorien. Korleis skal det gjerast?
Ulike løysingar:
- Kvart land får ein verdsarv-kategori. Dette gjev oversikt både i kategori:verdsarv og i kategorien for kvart land, men kan føra til skrinne kategoriar.
- Verdsarv kan samlast i område, til dømes "Verdsarv i Baltikum".
- Verdsarv frå land som har lite av det blir lagt inn under verdsdelen, t.d. "Verdsarv i Europa".
Ranveig 22. mai 2006 kl. 15:14 (UTC)
- Stemmer då for "Verdsarv i Baltikum". --Gunnernett 22. mai 2006 kl. 15:26 (UTC)