Khersónisos

Koordinatar: 35°19′N 25°23′E / 35.317°N 25.383°E / 35.317; 25.383
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khersónisos
Lokalt namn Χερσόνησος

Geografi
Stad Kreta
Koordinatar 35°19′N 25°23′E / 35.317°N 25.383°E / 35.317; 25.383
Areal 271,6 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Kreta
Iráklio
Hovudsete Goúrnes (1 877 innb.)
Demografi
Folketal 27 220 (2021[1])
Folketettleik 100,2 /km²

Khersónisos (gresk Χερσόνησος) er ein by og kommune nord på Kreta i Hellas. Byen ligg om lag 25 kilometer aust for Iráklio og vest for Ájos Nikólaos. Det som til vanleg vert kalla Khersónisos er halvøya og hamna Liménas Khersonísou. Khersónisos er ein del av periferieininga Iráklio, og ligg 25 kilometer frå Iráklio internasjonale lufthamn, Níkos Kazantzákis og 27 kilometer frå Iráklio hamn. Kommunesenteret ligg i landsbyen Goúrnes.[2]

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegare kommunen Khersónisos, no kommunaleininga Khersónisos

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 27 220 innbyggjarar, medan kommunaleininga Khersónisos hadde 12 095 og tettstaden med same namn 1 301 innbyggjarar.[1]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Khersónisos er retta mot reiselivsnæringa, og er ein populær stad for nederlandske, irske, serbiske og tyske statsborgarar. I nærleiken av hamnen ligg fleire nederlandske snackbarar og irske pubar.[3] På austsida er store hotell og Star Beach med mellom anna barar, symjebasseng, spel og go-kart. I hovudgata er det mange souvenirbutikkar samt andre butikkar og restaurantar. Khersónisos har òg eit lite akvarium kalla Aquaworld Aquarium, der dei har fisk og andre sjødyr frå havet utanfor Khersónisos.[4] Lychnostatis Open Air Museum er ein rekreaksjon av ein tradisjonell kretisk landsby.[5] I tillegg er nattelivet viktig, og byen har diskotek, nattklubbar, barar og pubar. Byen har òg strender.

Som mange lokalsamfunn på Kreta er den lokale økonomien ikkje berre basert på turisme, men òg landbruk. Om hausten, då dei fleste turistane er vekke, tener mange penger på å hauste oliven.

Populærkultur[endre | endre wikiteksten]

Den nederlandske versjonen av den amerikanske fjernsynsserien Jersey Shore vart spelt inn i Khersónisos. Serien er kalla Oh Oh Cherso og handlar om ei gruppe unge menneske frå Haag som er på ferie i Khersónisos.

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[6] Folketal 2021[1]
Mália Mália 3 224 3 522
Káto Goúves Goúves 2 153 2 630
Liménas Khersonísou Khersónisos 2 968 2 469
Goúrnes Goúves 1 628 1 877
Kháni tou Kokkíni Goúves 1 755 1 733
Khersónisos Khersónisos 1 115 1 301
Análipsi Khersónisos 1 343 1 107
Karterós Goúves 810 1 106
Stalída Mália 1 237 1 092
Vathianós Kámbos Goúves 946 1 080
Episkopí Episkopí 962 933
Eléa Goúves 884 929
Mokhós Mália 825 751
Goúves Goúves 539 633

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]