Kunstsilo
Kunstsilo er eit norsk kunst- og kultursenter som opnar 11. mai 2024 på Odderøya i Kristiansand.[1] Kunstsilo er eit framhald av Sørlandets kunstmuseum med nytt namn, ny plassering og med ei stor utviding av kunstsamlinga. Kunstsilo siktar på å bli det beste museet i Norden innan modernismen.[2]
Bygningen[endre | endre wikiteksten]
Senteret held til i ein nedlagd og verneverdig kornsilo frå 1935. Den opphavlege kornsiloen var ein av dei fyrste funksjonalistiske bygningane i Kristiansand. Han blei teikna av arkitektane Arne Korsmo og Sverre Aasland, og blei tildelt Houens fonds diplom i 1935. I 2017 vann arkitektkontora Mestres Wåge Arquitectes og MX_SI Architectural studio ein internasjonal arkitektkonkurranse om ombygging av siloen til kunstmuseum og kultursenter.[3]
I tillegg til kunstutstillingar skal senteret tilby eit tverrfagleg samarbeid med andre institusjonar om konsertar, arrangement, debattar og kursverksemd. Stiftinga Kunstsilo, tidlegare Sørlandets kunstmuseum (SKMU), er byggherre for prosjektet.[4]
Kunstsamlingar[endre | endre wikiteksten]
Samlingane i Kunstsilo består av tre kunstsamlingar: Sørlandssamlinga, som tilhøyrde Sørlandets kunstmuseum, samlingane frå Christianssands billedgalleri, og til slutt Nicolai Tangens kunstsamling, som han gav til Kristiansand kommune i 2015.[4] Tangen-samlinga omfattar over 5500 kunstverk, og dei tre samlingane tel til saman 7500 kunstverk.[2][5]
Tangens kunstsamling blir forvalta av AKO Kunststiftelse.[6]
Stiftinga Kunstsilo[endre | endre wikiteksten]
Kunstsilo er organisert som ei stifting. Administrerande direktør i stiftinga er Reidar Fuglestad, som tidlegare har vore direktør for Dyreparken i Kristiansand, og styreleiar er Stein Olav Henrichsen, som har vore direktør for Munchmuseet i Oslo.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Kunstsilo - Museum for kunst og opplevelser i Kristiansand». www.kunstsilo.no. Henta 24. januar 2024.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Kunstsilo i Kristiansand åpner 11. mai:- Skal bli Nordens beste museum», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), 30. november 2023, henta 5. april 2024
- ↑ Jan (25. januar 2021). «Bli kjent med silobygningens historie». Kunstsilo (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 6. september 2023. Henta 6. september 2023.
- ↑ 4,0 4,1 «Kristiansand kommune - Kunstsilo og kommunen – kort fortalt». www.kristiansand.kommune.no (på norsk). Henta 6. september 2023.
- ↑ «Kristiansand kommune - Kunstsilo og kommunen – kort fortalt». www.kristiansand.kommune.no (på norsk). Henta 7. mars 2024.
- ↑ Mørch, Hilde. «AKO Kunststiftelse – veien videre». kunstavisen.no (på norsk bokmål). Henta 6. september 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Kunstsilo» frå Wikipedia på bokmål, den 5. april 2024.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- «Om Kunstsilo». Kunstsilo (på norsk bokmål).