Laber bris
Laber bris er kategori 4 i Beaufortskalaen og er den midtre av briskategoriane. Vindsnøggleiken er då 5,5-7,9 m/s eller 20-29 km/t. I eldre sjønemning heiter vindstyrken merseils kuling.
Verknad[endre | endre wikiteksten]
På land[endre | endre wikiteksten]
Vinden løfter støv og lause papir, rører kvister og smågreiner og strekk større flagg og vimplar.
Til fjells[endre | endre wikiteksten]
Laber bris er ubehageleg i kaldt vêr og gjev merkbar motstand. Snødrevet mot ansiktet er særs sjenerande.
Til sjøs[endre | endre wikiteksten]
Bølgjene vert lengre (høgd 1-2 m) Ein del skumskavlar.
Andre språk[endre | endre wikiteksten]
Språk | Namn |
---|---|
Svensk | Måttlig vind (på land), frisk bris (til sjøs) |
Dansk | Jævn vind |
Færøysk | Andøvsgul |
Islandsk | Stinningsgola |
Engelsk | Moderate breeze |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
«laber bris» i Store norske leksikon, snl.no.