Mário Zagallo
Mário Zagallo | |
Statsborgarskap | Brasil |
Fødd | 9. august 1931 Atalaia |
Død |
5. januar 2024 (92 år) |
Idrett | fotball |
Tok del i |
VM i fotball 1962, VM i fotball 1958, VM i fotball 1970, VM i fotball 1974, VM i fotball 1994, VM i fotball 1998 |
Mário Jorge Lobo Zagallo (9. august 1931–5. januar 2024) var ein brasiliansk fotballspelar og -trenar frå Maceió. Han vart verdsmeister med Brasil 1958 og 1962 og førte som landslagssjef Brasil til VM-triumf i 1970 og VM-finale i 1998. Zagallo og Franz Beckenbauer er dei einaste som har vunne VM i fotball både som spelar og som landslagssjef.
Karriere[endre | endre wikiteksten]
Klubbspel[endre | endre wikiteksten]
Zagallo spelte heile tida på lag frå Rio de Janeiro. Etter to år år i mindre kjende América, 1049-50, var han frå 1951 til 1958 aktiv i storklubben Flamengo. Med Flamengo vart han delstatsmeister tre år på rad: 1953-55. Sommaren 1956 fylgde han laget på ein turne til Europa, der Flamengo mellom anna spelte mot bylag frå Oslo og Bergen. Til sist som aktiv gjorde Zagallo i sju år teneste i Botafogo, der han mellom andre fekk spelarar som Garrincha, Nílton Santos og Amarildo Tavares til lagkameratar. Med Botafogo vann Zagallo både delstatsmeisterskapen og Rio-São Paulo-turneringa ved to høve.
Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]
Zagallo kom ikkje på det brasilianske landslaget før enn 1958. Både under Fotball-VM 1958 i Sverige og VM 1962 i Chile tok han plass på venstrevengen i finalane mot høvesvis Sverige og Tsjekkoslovakia. I tida fram til 1964 spelte han 33 landskampar og skåra fem mål.
Merittar[endre | endre wikiteksten]
- Verdsmeister: 1958 og 1962 for Brasil
- Delstatsmeister i Rio de Janeiro: 1953, 1954, 1955, 1961, 1962
- Vinnar av Torneio Rio-São Paulo: 1962, 1964
Trenar[endre | endre wikiteksten]
Zagallo var i fleire periodar trenar for Flamengo, Botafogo og elles mange mange andre klubblag, mellom dei Vasco da Gama. Mest kjend er han som landslagssjef for Brasil sitt vinnarlag i VM i fotball 1970 og det laget som nådde VM-finalen under verdsmeisterskapen 1998 i Frankrike. Han var elles landslagssjef for tre oljerike arabarland.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Mário Zagallo» frå Wikipedia på engelsk, den 29. juni 2018.