Makaronesia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Makaronesia

Makaronesia er eit moderne samleomgrep for fleire øygrupper i Nord-Atlanteren nær Europa og Nord-Afrika. Dei høyrer til tre land, Portugal, Spania og Kapp Verde. Namnet (som ofte vert feilstava «Makronesia») kjem frå det greske ordet for «Dei heldige øyane», eit uttrykk som dei greske geografar nytta i antikken om øyane vest for Gibraltarsundet.

Makaronesia består av fire øygrupper:

Europa (politisk [1]):

Afrika (politisk [2]):

Øyane i Makaronesia har vulkansk opphav og ein meiner at dei har oppstått over fleire geologiske heiteflekkar.

Klimaet på øyane i Makaronesia varierer frå subtropisk til tropisk. Dei portugisiske øygruppene Asorane og Madeira har generelt litt kjøligare klima og meir nedbør enn Kanariøyane og Kapp Verde.

Øyane har ein unik biogeografi og har fleire særeigne planter og dyreartar. Ingen av øyane i Makaronesia har vore knytt til eit kontinent så dei naturlege plantene og dyra kom her via lange avstandar. Laurbærskogar kalla laurisilva dekte ein gong det meste av Asorane, Madeira og delar av Kanariøyane i høgder mellom 400 og 1200 meter over havet (dei austlege Kanariøyane og Kapp Verde var for tørre). Desse skogane liknar urskogane som dekte området rundt Middelhavet og Nord-Afrika før tilhøva vart kaldare og tørrare under istidene.

Hogst av skog for tømmer og ved, avskoging for beitemarker og jordbruk og innføring av framande planter og dyr har omplassert mykje av den opphavlege vegetasjonen. Laurisilva-skogane er redusert til små lommer. Som følgje av dette er mange endemiske dyre- og planteartar på øyane alvorleg utryddingstruga eller alt utrydda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]