Marc Overmars
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 29. mars 1973 (51 år) | ||
Fødestad | Emst i Nederland | ||
Høgd | 173 cm | ||
Posisjon | Yttermidtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1990-1991 | Go Ahead Eagles | 11 | (1) |
1991-1992 | Willem II | 31 | (1) |
1992-1997 | Ajax | 136 | (36) |
1997-2000 | Arsenal | 100 | (25) |
2000-2004 | Barcelona | 97 | (15) |
2008-2009 | Go Ahead Eagles | 24 | (0) |
Totalt | 399 | (78) | |
Landslag | |||
1993-2004 | Nederland | 86 | (17) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Marc Overmars (fødd 29. mars 1973) er ein tidlegare nederlandsk fotballspelar frå Emst. Han spelte 86 landskampar for Nederland og skåra sytten mål. Han spelte for Ajax, Arsenal, Barcelona, Willem II og Go Ahead Eagles. Med Ajax vart han seriemeister i 1993, 1994 og 1995 og han vann også intercontinentalcupen i 1995 og Meisterligaen i 1995. Han vann også nederlandsk cup i 1993. Med Arsenal vart han seriemeister i 1998 og han vann også FA-cupen i 1998. Han spelte for Nederland i VM i 1994, VM i 1998, EM i 2000 og EM i 2004.