Miltbrann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikroskopbilde av miltbrannbakteriar.

Miltbrann, eller antrax, er ein akutt sjukdom forårsaka av bakterien Bacillus anthracis. Sjukdommen har namn etter den store mørkeraude milten ein finn hjå råka individ.

Både dyr og menneske kan verte råka av sjukdommen. Symptoma er feber, byller, sår og opphovning av lymfekjertlane. Det finnest no effektive vaksiner mot miltbrann og behandling med antibiotika har god verknad på ein del former av sjukdommen. Om ein ikkje vert behandla raskt, kan ein døy av sjukdommen.

Miltbrann kan ramme huden, lungene eller meltingssystemet til det smitta individet.

Miltbrannbakterien smittar via sporar som kan verte spreidd gjennom klede eller kroppane til individ som er råka av sjukdommen. Sporane som bakterien dannar er hardføre, og kan overleve i opptil fleire tiår. Koking er ikkje tilstrekkeleg til å ta knekken på sporane.

På grunn av smitteeigenskapane til miltbrannbakterien har han vorte nytta i biologisk krigføring, blant anna under den første verdskrigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Velle, Weiert Martin. *«Miltbrann» (4. november 2011) i Store norske leksikon. Henta 2. april 2014.