Murmeldyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Murmeldyr
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Gnagarar Rodentia
Familie: Ekornfamilien Sciuridae
Stamme: Marmotini
Slekt: Murmeldyr Marmota
Blumenbach, 1779

Murmeldyr (Marmota) er ei gruppe gnagarar i ekornfamilien.

Det er 15 ulike artar innanfor slekta, og dei har ein kraftig kropp med korte, kraftige bein, ein kort buska hale og korte øyro. Storleiken deira kan samanliknast med kattar, frå 30 til 60 cm og med ei vekt på opp til 7 kilogram.

Utbreiingsområdet deira strekkjer seg frå Nord-Amerika over Alpane i Europa og til Asia over til Himalaya-området.

Murmeldyr oppheld seg i gangar i jorda, som dei grev sjølv. Murmeldyra lever i flokkar, og er kjende for den karakteristiske, plystrande lyden dei lagar.

Alpemurmeldyr i Austerrike.

Woodchuck[endre | endre wikiteksten]

Den engelske tungekrøllen «How much wood would a woodchuck chuck if a woodchuck could chuck wood» viser til skogmurmeldyret (Marmota monax nemnd), som held til i Nord-Amerika.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Dei nolevande artane i murmeldyrslekta blir delte inn i to underslekter med til saman 15 arter.

Systematikken er delvis omstridd. Nokre artar som lever i Asia blir av visse zoologar rekna som underartar av steppemurmeldyr.

I tillegg er fire utdøydde murmeldyr-artar skildra frå fossil.

  • Marmota arizonae, Arizona i USA
  • Marmota minor, Nevada i USA
  • Marmota robusta, Kina
  • Marmota vestus, Nebraska i USA

Dei eldste fossila funne av murmeldyr er frå miocen-epoken (frå 23 til 5,3 millionar år sidan), funne i Nord-Amerika. Først i pleistocen-epoken (1,8 millionar til 11 500 år sidan) kom artar av murmeldyrslekta til Eurasia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Murmeldyr