Nouakchott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nouakchott
by
Land  Mauritania
Areal 1 035 995 244 km²
Folketal 1 077 169 (2016)[1]
Kart
Nouakchott
18°05′09″N 15°58′43″W / 18.08581°N 15.9785°W / 18.08581; -15.9785
Wikimedia Commons: Nouakchott

Nouakchott (arabisk نواكشوط‎, berbisk Nwakcoṭ) er hovudstaden og den største byen i Mauritania. Byen ligg på eit platå rundt 4 kilometer frå kysten av Atlanterhavet, i ytterkanten av Sahara.[2] Han er ein av dei største byane i Sahara.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nouakchott blei grunnlagd i 1903 langs handelsvegen mellom nord og sør, der nordområda var rike på mineral og sørområda var fruktbare med jordbruk.[2] Busetnaden var framleis på storleik med ein landsby då han blei gjort til mauritansk hovudstad 1957.[2] Periodar med tørke har ført til stor tilflytting til byen.[2]

Djupvasshamna nær byen, Port de l'Amité, blei bygd på 1980-talet.[4] Det blir drive eksport frå denne hamna av råolje og kopar.[2] Byen har også ein del industri, blant anna raffinering av sukker.[2] Nasjonalmuseet i landet, to større moskear og eit universitet frå 1981 ligg i Nouakchott.[2] Byen har også ein internasjonal flyplass.[2]

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Nouakchott er delt inn i tre administrative regionar (wilayat) som er leidde av guvernørar utnemnde av den sentrale styresmakta. Kvar region er delt inn i tre department (moughataa):

Nouakchott var opphavleg eit distrikt, men blei ein mauritansk region i 1990.[5] 25. november 2014 blei denne delt inn i dei tre noverande regionane.[6] Den tidlegare guvernøren av Nouakchott, Mahi Ould Hamed, blei den fyrste guvernøren av Nouakchott-Nord.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.ons.mr/images/Archive/doc/publication/Annuaire_Statistique_2016.pdf.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 «Nouakchott». Store norske leksikon (på norsk). 2. mars 2024. 
  3. «The Sahara: Facts, Climate and Animals of the Desert». Live Science. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 21. november 2016. 
  4. «Harbor in Nouakchott Marks China-Mauritania Friendship». news.xinhuanet.com. 28. juli 2009. Arkivert frå originalen 2. november 2012. Henta 19. november 2012. 
  5. Law, Gwillim. «Regions of Mauritania». Statoids. Arkivert frå originalen 27. juni 2015. Henta 14. juni 2015. 
  6. «Mauritanie: la capitale Nouakchott, sera découpée en trois wilayas». Alakhbar. 26 November 2014. Arkivert frå originalen 16. oktober 2015. Henta 14. juni 2015. 
  7. «Les trois wali de Nouakchott connus». le calame. 12 December 2014. Arkivert frå originalen 14. februar 2015. Henta 14. juni 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nouakchott