Ole Karl Frøysøye
Utsjånad
Ole Karl Frøysøye | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1783 Sunnylven kommune |
Død |
18. februar 1823 (39 år) |
Yrke | bonde, politikar |
Språk | norsk |
Ole Karl Olsson Frøysøye (eller Frøsøie) (20. oktober 1783–18. februar 1823) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Sunnylven på Sunnmøre.
Frøysøye var i nokre år skulehaldar i heimbygda Sunnylven. Han overtok farsgarden, den einbølte garden Frøysøye i 1814. Til stortinget 1821 vart han vald til 3. representant for Romsdals amt, eit verv han også hadde på omframtstortinget året etter. Han var i 1821 medlem av fire komitear, der i mellom komiteen som førebudde formannskapslovene.
Ein bautastein til minne om mannen er reist på Frøysøye.
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Ole Karl Frøysøye NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv