Hopp til innhald

Port-Gentil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Port-Gentil
by
Land  Gabon
Folketal 136 462 (2013)[1]
Kart
Port-Gentil
0°43′00″S 8°47′00″E / 0.71666666666667°S 8.7833333333333°E / -0.71666666666667; 8.7833333333333
Wikimedia Commons: Port-Gentil

Port-Gentil er ein by i vestre delen av Gabon. Han er departementhovudstad i Bendje og provinshovudstad i Ogooué-Maritime. Port-Gentil er den vestlegaste byen i Gabon. Han ligg ved Atlanterhavet, og er den viktigaste hamnebyen i landet og eit viktig industrisenter. Ved folketeljinga i 2013 hadde byen 136 462 innbyggjarar, og var dermed den nest største byen i Gabon.[2] Folketalet i 2022 blei anslått til 200 000.[3]

Byen blei kalla opp etter den franske kommandanten Émile Gentil i 1900. Etter den fyrste verdskrigen starta byen ein storstilt tømmereksport. Det blei bygd eit oljeraffineri her på 1960-talet, og sidan det er oppdaga olje utanfor kysten er også utskiping av olje ein viktig næringsveg.

Port-Gentil er kjent for strendene sine, fleire hotell og for Saint Louis-kyrkja. Teknisk sett ligg byen på ei øy, Lopez ved munningen til elva Ogooué.[3] Byen har ein eigen flyplass som knyter han både til hovudstaden Libreville og resten av verda.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.citypopulation.de/en/gabon/cities/?cityid=941.
  2. Folketelling 2013 Arkivert 6. september 2011 på Wayback Machine.
  3. 3,0 3,1 Berg, Erik (2. mars 2024). «Port-Gentil». Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Port-Gentil
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.