Q

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Q

Bruk
SkriftsystemLatinsk skrift
TypeAlfabet
OpphavsspråkGresk
Latin
Fonetisk bruk/k/, /ˈkjuː/, /ʔ/, /qː/, /!/,/x/
UnicodeU+0051, U+0071
Plass i alfabetet
Talverdi: 17
Historie
Utvikling
O34
V24
Etterkomarar • Ƣ
 • Ɋ
 •
 • Ԛ
SlektningarΦ
Ф
ק
ق
ܩ


𐎖

Փ փ
Ֆ ֆ
Anna
Tilknytte tal17

Q er den 17. bokstaven i det latinske alfabetet.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Egyptisk hieroglyf
wj
Fønikisk
qof
Gresk
qoppa
Etruskisk Q Romersk Q
V24
Q

Q stammar frå den greske bokstaven qoppa (Ϙ, ϙ), som er avleidd frå fønikisk qof. Tidleg i gresk antikk brukte ein tidvis bokstaven som k-lyd framfor o og u. Han blei ikkje brukt som bokstav i klassisk gresk. Etruskarane og seinare romarane kalla bokstaven qu og brukte han først framfor o og u, der han kunne uttrykka k- eller g-lyd. Sidan blei han berre brukt framfor u.

Moderne bruk[endre | endre wikiteksten]

I dei fleste moderne europeiske språk blir q nesten berre brukt framfor u, og uttrykker konsonantgruppa /kw/. På dei nordiske språka blei q brukt saman med u eller v fram til første halvdelen av 1800-talet. Stavingsreformer erstatta han med k, og q er i dag nesten ikkje brukt i nordisk, bortsett frå i særnamn.

Q kan visa til[endre | endre wikiteksten]

  • Q-verdien til ein resonans
  • Q, i fysikken vanleg symbol for elektrisk lading, for varmeenergi og for frigjort kinetisk energi i ein kjernereaksjon. Energien, Q-verdien, er positiv når energi som har vore bunden i atomkjernane som reagerer, går over til varme.
  • Q er i matematikk mengda av alle rasjonale tal.
  • ein rollefigur i bøkene og filmane om James Bond
  • det britiske musikkmagasinet Q
  • q er symbol for den britiske masseininga quintal.
  • fleire forkortingar av latinske ord og namn, til dømes Quintus, quaestor, quartus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Q