Hopp til innhald

Sandvolleyball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strandvolleyball

Sandvolleyball er ein sport som har utvikla seg frå og som liknar på innandørs volleyball. Allereie i 1920-åra kunne ein sjå folk som spelte volleyball på strendene i California og på Hawaii. Den fyrste offisielle turneringa blei spelt på State Beach i California i 1948 og dei som vann fekk ein kasse Pepsi Cola.[1] Det blei òg spela volleyball på sand i Europa allereie i trettiåra.[2]

Dei viktigaste regelskilnadane er at i sandvolleyball er det berre to spelarar på kvart lag, at spelet som namnet seier går føre seg på sand, at banen er åtte gonger åtte meter i staden for ni gonger ni meter, i tillegg til ein del meir spesifikke reglar om ballhandtering og slag. Idretten har vore ei olympisk grein sidan 1996.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sandvolleyball er ein variant av innandørs volleyball, som blei funnen opp i 1895 av William G. Morgan.[2] Varianten oppstod mest truleg i 1915 på WaikikistrandaHawaii,[2] ved Outrigger Canoe Club. Ifølgje eit intervju frå 1978 med eit medlem av denne klubben sette George David «Dad» Center opp eit nett der, og den fyrste dokumenterte sandvolleyballkampen fann stad.[3] I 1920 skapte nye bryggjer i Santa Monica i California store sandområde som kunne nyttast til rekreasjon. Dette gav grobotn for utvikling av sandvolleyball også her. Dei fyrste permanente netta byrja dukka opp, og folk byrja snart spela fritidskampar på offentlege delar av stranda og i private strandklubbar. Det blei opna elleve slike klubbar i Santa Monica-området frå 1922 av. Den fyrste tevlinga mellom klubbane blei halden i 1924.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Beach Volleyball History». Bvbinfo.com. Arkivert frå originalen 19. september 2012. Henta 1. august 2012. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Biography of Beach Volleyball». Fédération Internationale de Volleyball. Henta 20. mars 2018. 
  3. «Sneak Preview: The Sands of Time». bvbinfo.com. Arkivert frå originalen 8 December 2015. Henta 3. desember 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sandvolleyball
Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.