Sarajevo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sarajevo • Сарајево
by
Våpenskjold
Kallenamn: Den olympiske byen
Land  Bosnia-Hercegovina
Region Føderasjonen Bosnia-Hercegovina
Republika Srpska
Kommune Sarajevo kommune
Høgd 500 m
Areal 141,5 km²
Folketal 275 524 (2013)[1]
Tidssone CET (UTC+1)
Kart
Sarajevo
43°51′23″N 18°24′47″E / 43.856388888889°N 18.413055555556°E / 43.856388888889; 18.413055555556
Kart over Bosnia-Hercegovina
Kart over Bosnia-Hercegovina
Kart over Bosnia-Hercegovina
Wikimedia Commons: Sarajevo

Sarajevo er hovudstaden og den største byen i Bosnia-Hercegovina med eit innbyggjartal på rundt 275 500 i 2013. Byen er òg hovudstad i Føderasjonen Bosnia-Herzegovina og Republika Srpska, i tillegg til sentrum i Sarajevo kommune. Sarajevo ligg i Sarajevodalen i Bosnia omgjeve av Dei dinariske Alpane ved elva Miljacka. Byen er kjend for å ha eit religiøst mangfald der tilhengjarar av islam, katolisisme, den ortodokse kyrkja og jødedomen har levd side om side i fleire hundrår. Sarajevo vert rekna for å vere ein av dei mest kulturelt viktige byane på Balkan.

Historisk bilde av Sarajevo.

Sjølv om det har vore busetnadar her sidan antikken vart den moderne byen til som eit ottomansk tilfluktsstad på 1400-talet.[2] Sarajevo fekk mykje internasjonal merksemd på 1900-talet. I 1914 var byen åstad for drapet på Franz Ferdinand, som utløyste Den første verdskrigen. I 1984 vart Vinter-OL halde her, medan byen på 1990-talet gjennomgjekk den lengste omleiringa i moderne militærhistorie under Bosnia-krigen. I dag er ein i ferd med å byggje opp att byen som sentrum for den kulturelle og økonomiske utviklinga i Bosnia-Hercegovina.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Population» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 24. desember 2017. Henta 20. november 2016. 
  2. Valerijan, Žujo; Imamović, Mustafa; Ćurovac, Muhamed (1997). Sarajevo. Svjetlost.
  3. Kelley, Steve. Rising Sarajevo finds hope again. The Seattle Times.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sarajevo